tirsdag 27. januar 2015
Pressens frihet og andres tvang
fredag 5. desember 2014
Ungdom og psykisk helse
Problemåtferd. Både i 2003 og i 2013 vart det stilt ei rekkje spørsmål om det vi med eit stikkord kan kalle problemåtferd. Elevane vart presenterte for ei liste med 14 ulike aktivitetstypar som var av kriminell karakter, eller som låg nær opp til det, og dei vart bedne om å krysse av for kvar aktivitetstype dersom dei hadde gjort det i løpet av dei siste 12 månadene. Når vi så analyserte svara kunne vi konstatere at frekvensen i avkryssingane på 13 av desse 14 aktivitetstypane hadde blitt redusert, til dels sterkt redusert. Det ser altså ut som om ungdomane i Volda og Ørsta har vorte meir lovlydige i løpet av det aktuelle tidsrommet.
Forskingsinstituttet NOVA har med grunnlag i nasjonale tal kome fram til om lag dei same konklusjonane som vi. Norske ungdomar har i løpet av dei siste åra vorte meir heimekjære og lovlydige og færre brukar rusmidlar og tobakk. NOVA konstaterer som vi at den psykiske helsa til jentene er klart dårlegare enn til gutane, og at ho har vorte forverra. Dette sistnemnde momentet utgjer ei stor utfordring for den kommunale leiinga i Volda og Ørsta. Eitt av fleire tiltak som bør vurderast er styrking av det førebyggande og helsefremmande arbeidet mot dei unge.
onsdag 23. april 2014
Folkekirken 2066 - et scenario
lørdag 12. april 2014
Kven er idrettsungdomane?
I ein del kommunar i Møre og Romsdal vart det hausten 2013 gjennomført ei undersøking mellom ungdomsskuleelevar og førsteklassingar på vidaregåande skule. Denne artikkelen byggjer på deler av dette materialet, svara til elevane i desse kommunane: Hareid, Vanylven, Sande, Volda, Ørsta og Giske, til saman 1680 elevar. Føremålet med denne kronikken er å kaste lys over den idrettslege aktiviteten mellom ungdomane.
Totalt sett var ca halvparten av respondentane forholdsvis aktive idrettsfolk, men det var stor skilnad kommunane i mellom. 63 prosent av Sande-elevane svara at dei hadde deltatt i aktivitetar tre eller fleire gonger siste månaden i regi av eit idrettslag. Hareid og Ørsta er i den andre enden på skalaen med høvesvis 43 og 44 prosent. Men det er stor skilnad på klassetrinna. I åttande klasse svara 56 prosent av elevane positivt på spørsmålet ovanfor. Denne prosentandelen vert gradvis lågare opp gjennom klassetrinna, og i første klasse vidaregåande er det berre halvparten så stor andel som er aktive idrettsfolk som i åttande klasse. Fråfallet er størst frå tiande klasse til første klasse vidaregåande, 41 prosent – 28 prosent, og fråfallet gjer seg gjeldande for stort sett all idrettsleg aktivitet, med eitt unntak: Trening på treningsstudio. Frå åttande klasse til første klasse vidaregåande vert andelen som nyttar denne treningsformen firedobla, frå 8 prosent til 32.
Det store fråfallet frå idretten opp gjennom klassetrinna er ei stor utfordring for idrettsleiarar. Denne undersøkinga gir oss ikkje grunnlag for å seie noko om årsakene til dette, og vi har derfor heller ikkje konkrete framlegg til kva som kan gjerast. Men vi har vi likevel gjort oss opp tankar om i kva retning ein bør arbeide for å finne ut meir om dette.
Idrettsleg aktivtet er sjeldan eller aldri berre det. Ungdom er sjeldan med på organiserte idrettsaktivitetar berre for idretten si skuld. Idrett inneber også venskap og moro og meingsfulle sosiale fellesskap. Når fråfallet frå organisert idrett er spesielt stort i spranget frå ungdomsskule til vidaregåande skule, har det truleg samanheng med at det då skjer store endringar i livssituasjonen til dei unge. Dei kjem inn i eit nytt skulesystem med andre verdiar og haldningar enn dei er vane med, og omgangs- og venekretsen vert endra. Dei har også kome eit steg nærare vaksenrolla, og krava som vert stilte til dei frå samfunnet si side har blitt skarpare og tydelegare, og det vert mindre rom for for leik-prega aktivitetar.
Dersom vi har rett i dette, og ein vil setje inn større innsats for å halde idrettsinteressa oppe blant ungdom, vil det ha sterkt avgrensa effekt å satse berre på tiltak som går rett inn mot dei idrettslege aktivitetane. Generell miljøbygging, satsing på miljøfaktorar som ligg i utkanten av idretten, vil truleg ha betre effekt.
Ikkje uventa var fotball den mest populære idrettslege aktiviteten mellom elevane. Heile 42 prosent dreiv med &organisert fotballtrening og konkurransar i idrettslag&. Det var langt ned til den nest mest popuære idrettslege aktiviteten, handball, 14 prosent. Men det er ein viss skilnad på kjønna når det gjeld dette. For ti år sidan var jentefotball eit nesten ukjent fenomen, men i dag svarer 38 prosent av jentene at dei i løpet av dei to siste åra har drive med organisert trening og konkurransar i idrettslag innan denne idrettsgreina. Det tilsvarande talet for gutane er 45. Slik sett kan vi seie at fotball er ein (nesten) like vanleg idrett mellom jentene som mellom gutane. Handball, derimot, ser ut til å vere meir kjønnsdelt. Kvar femte jente driv med handball, men berre kvar tiande gut.
I undersøkinga hadde vi med ei rekke spørsmål som var retta inn mot &opplevd livskvalitet&, og svara på desse spørsmåla kopla vi samen til ein samlevariabel &livskvalitet&, og vi analyserte dette mot aktivitet i idrettslag. Dette ga som resultat følgjande: 55 prosent av dei som svara at dei hadde delteke på organisert idrettsleg aktivitet fem eller fleire gonger i løpet av den siste månaden kom i kategorien &god livskvalitet&. Det tilsvarande talet for dei som hadde delteke i slik aktivitet &ingen gonger& var 45.
Det viste seg også at det var ein nær samanheng mellom skuletrivsel og idrettsaktivitet. Mellom dei som svara at dei dreiv med organisert idrettsleg aktivitet minst ein gong i månaden var det 53 prosent som svara at dei trivdest. Mellom dei som svara at dei ikkje trivdest på skulen var den tilsvarande prosentandelen berre halvparten, 27.
Vidare viste det seg at utdanninga til foreldra også hadde effekt på dei unge sin idrettslege aktivitet. Mellom dei ungdomane som hadde begge foreldre med høgskule/universitetsutdanning var 46 prosent aktive i idrett. Dersom ingen av foreldra hadde høgare utdanning var den tilsvarande prosenten 32.
I skjemaet spurte vi ikkje direkte om familiens økonomi, men om kor god råd elevane meinte at deira familie hadde hatt dei siste to åra, og svara på dette spørsmålet kopla vi mot idrettsaktiviteten. Det viste seg då at 85 prosent av dei som var idrettsaktive meinte at familieøkonomien deira var god. For dei som ikkje var idrettsaktive var den tilsvarande prosenten 74.
Ovanfor har vi sett at idrettsleg aktivitet har samanheng med ei rekke aspekt av ungdomane sin totale livssituasjon. Stor idrettsleg aktivitet heng saman med god opplevd livskvalitet, trivsel på skulen og foreldras økonomi og utdanning. Men ein ting er å kunne påvise at det finst samanhengar, noko heilt anna er det å vise korleis samanhengane er. Men det spørsmålet gir ikkje denne undersøkinga svar på.
tirsdag 28. januar 2014
Meningen med livet
Spørsmålet om hva som er meningen med livet har også blitt reflektert en del over fra kristent hold. I et skrift som Martin Luther ga ut poengterte han at kristne ikke trenger å bli fortvilte over hva meningen med livet er (Om et kristenmenneskes frihet, utgitt i 1520.) Det er allerede gitt i Guds ord, Bibelen. Det dreier seg om å behandle sine medmennesker godt og ellers ikke bekymre seg, for som kristne lever vi i Guds nåde.
søndag 17. november 2013
Den svenske kyrkja og Jesus
Den 15. oktober vart det vald ny erkebiskop i Den svenske kyrkja. 325 valgmenn og -kvinner frå heile landet var samla, og valet fall på Antje Jackelén. Ho vart vald med solid fleirtal, 56 % av røystene. Ragnar Persenius kom på andre plass med 33 %. Jackelén skal tiltre embetet den 15. juni neste år.
onsdag 16. oktober 2013
Palestinas framtid - svar til Kjell Furnes
Sunnmørsposten 16. oktober 2013
I eit innlegg her i avisa den 8.10 nemnde eg mellom anna at
dei palestinske sjølvstyremyndigheitene har anerkjent Israel, men ikkje «den
jødiske staten Israel». Eg gjorde også merksam på at det ikkje finst døme på at
ein stat har anerkjent ein annan stat med referanse til kva religion eller
etnisk tilhøyring innbyggarane har. Men Israel krev dette av palestinarane.
Anerkjenne. Kjell Furnes har innvendingar mot
dette, og spør i Sunnmørsposten den 11.10: « Kunne det tenkjast at nasjonane
ville anerkjenne Noreg, men ikkje ein norsk stat.» Mitt svar: Andre statar har
anerkjent «staten Noreg», korkje meir eller mindre. Når statar anerkjenner
kvarandre skjer det aldri med referanse til landets etnisitet eller religion.
Men Israel krev altså dette av palestinarane. Palestinarane går ikkje med på
dette, mellom anna fordi den tidlegare utanriksministeren i Israel, Avigdor
Lieberman og hans parti, Yisrael Beiteinu, som er det 3. største partiet i
Israel, har gått inn for å ta statsborgarskapen frå israelarar av palestinsk ætt,
og kaste dei ut av landet. Palestinarane er redde for at anerkjenning av Israel
som jødisk stat kan bidra til å legitimere at så skjer. Kjell Furnes spør om eg
trur dette vil kome til å skje. Det veit eg ikkje, men kva eg veit om dette er
irrelevant. Det avgjerande er kva palestinarane veit.
Furnes påstår at palestinarane går inn for at Israel skal
utslettast, og han «beviser» dette ved å påstå at det finst palestinakart der
staten Israel ikkje er innteikna. Men dette er ikkje dei ansvarlege palestinske
styresmaktene sitt standpunkt. Dei har anerkjent staten Israel. Eg var i Israel
i januar i år. På grensa fekk vi utdelt kart som ikkje berre omfattar Israel,
men også Vestbreidda, utan grenser mellom desse områda. Dette er offisielle
kart, utgjevne av «Ministry of Tourism». Eg forstår dette som eit uttrykk for
at Israel har planar om å gjere heile Vestbreidda til ein del av Israel, og
dette er ein prosess som heile tida går føre seg. Israel opprettar kontinuerleg
nye busetnader og utvidar allereie eksisterande. Furnes påstår at palestinske
leiarar seier at ein palestinsk stat skal vere heilt fri for jødar. Det stemmer
ikkje. Dei krev at busetjingane vert fjerna, og det er noko anna. Vi må hugse
kva dei israelske busettingene er, nemleg landområde som er okkuperte og lagt
under israelsk mynde. Busetjarane er israelske statsborgarar og israelske
styresmakter ser på busetjingane som deler av Israel, og har bygt opp tekniske
og administrative infrastrukturar i samsvar med det.