fredag 4. februar 2022

Gutar vert diskriminerte. Kvifor?

 Synspunktartikkel i Nyss 4. februar.

Gutar får dårlegare karakterar enn jenter i alle fag i grunnskulen, bortsett frå kroppsøving. Ved avslutta grunnskule har gutane 39,2 og jentene 43,7 grunnskulepoeng. Omsett til karakterskalaen (1-6) tilsvarer dette ein halv karakter. Noko av det same er tilfellet på vidaregåande skule. Der har ein i tillegg også eit stort fråfallsproblem, og det er størst mellom gutane.

Dei siste åra har det vorte forska ein del på kva som kan vere årsakene til dette. Det har vorte hevda at feminiseringa av samfunnet generelt, og av skuleverket spesielt, har skulda. Kvinner er i stort fleirtal i skuleverket og dei har ein tendens til å belønne feminine haldningar og åtferdsmønster blant elevane.

Det har vore vanskeleg å stadfeste dette, for også mannlege lærarar gir jenter jamt over betre karakterar enn gutar. Truleg er omstenda rundt karaktergivinga ei viktigare årsak, for i eksamenssituasjonar der elevane er anonyme er det mindre skilnad på jenters og gutars karakterar enn når elevane vert vurderte av sin eigen lærar.

Mange meiner at klasseromsåtferda kan forklare mykje. Gutane er ofte noko urolege, medan jentene er meir disiplinerte og pliktoppfyllande, og dette påverkar, umedvite, karaktergjevinga. Skulens normer for god åtferd favoriserer jenter. Professor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Innlandet seier rett ut at gutane vert diskriminerte i skulen i dag. "De som vinner er elever som tilpasser seg forventningene fra skolen på en god måte. De som taper er elever som utfordrer læreren, og det er flere gutter i den siste kategorien", seier han.

Gutane sine prestasjonar på vidaregåande skule er like svake som i grunnskulen, og dette  gjer at dei har problem i kampen om dei ettertrakta studieplassane. Då likestillingslova vart vedteken i 1978 var 41 prosent av studentane ved universiteta og høgskulane kvinner og 59 prosent menn. No er dette snudd heilt om: 59 prosent kvinner og 41 prosent menn. Til trass for at det er ein klar overvekt av kvinner i dei fleste universitets- og høgskulestudia, og at jentene i gjennomsnitt går ut av vidaregåande skule med betre karakterar enn gutane, var det i fjor 113 studier som ga jenter ekstra kjønnspoeng ved opptak, men berre 10 som ga gutar slike poeng.

Stoltenbergutvalet, ei ekspertgruppe som skulle greie ut om årsakene til at gutar og jenter har så ulike skuleprestasjonar, og som avga innstillinga si i 2017, konkluderte mellom anna med at "kjønnsforskjellene (...) er betydelige og får konsekvenser for videre utdanning, arbeid, helse og familiesituasjon senere i livet". I utvalet si innstilling står det at ein ikkje veit kvifor det er slik, fordi "dette ikke har vært et hovedfokus i forskningslitteraturen."

At gutane kjem dårlegare ut enn jentene med omsyn til skuleprestasjonar har konsekvensar for yrkesval og tilpasning til arbeidslivet. Arbeidsløysa er til ei kvar tid større blant menn enn kvinner. Det har mellom anna si årsak i at 70 prosent av dei tilsette i det offentlege er kvinner, og dei offentlege arbeidsplassane er sikrare enn dei private, for kommunar går ikkje konkurs, og offentlege tilsette vert ikkje sagde opp når etaten har økonomiske problem.  Mennene har også det farlegaste arbeidet. I 2020 vart 11453 menn og 8627 kvinner utsette for arbeidsulykker. Dei siste åra har mellom 30 og 40 menneske døydd i arbeidsulykker årleg, og nesten alle har vore menn. Det er i privat sektor ein har dei farlegaste arbeidsplassane, og det er der fleirtalet av mennene er.

I Likestillingslovas føremålsparagraf står det at "Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn." Seinare, i same paragraf, står det at "Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling." Desse to føremåla står i motsetnad til kvarandre. Eitt av dei kan ikkje realiserast utan å gå på bekostning av det andre. Det er den sistnemnde delen av føremålsparagrafen som er det styrande prinsippet for norsk skulepolitikk. Gutar vert diskriminerte, og slik skal det tydeligvis vere.

mandag 24. januar 2022

Straumkrisa. Har Tyskland skulda?

 Kronikk i Sunnmørsposten 24. januar.

Straumprisane i Sør-Noreg har vore ekstremt høge i det siste. Det har mellom anna vorte forklart ved at det har vore lite vatn i magasina, og at ein til trass for det har seld store mengder kraft til utlandet, der betalingsviljen for rein, fornybar straum har vore stor. Ei anna viktig årsak ligg truleg i den energipolitikken som norsk politikk og våre viktigaste samarbeidspartnarar styrer etter. Tyskland er Noregs nest viktigaste handelspartnar, og i kraft av det er det rimeleg å anta at deira energipolitikk påverkar også norsk energipolitikk og norske straumprisar. La oss sjå nærare på dette.

Då industriutviklinga tok til i Tyskland på slutten av 1800-talet var den grunnleggande føresetnaden for denne dei store og lett tilgjengelege kolforekomstane heilt vest i landet. Dette var også grunnlaget for at Tyskland etter kvart utvikla seg til å bli det største og viktigaste industrilandet i Europa. Framleis vert kol til ein viss grad nytta, og i det siste har ein til og med auka produksjonen noko. Men det er meininga at kolbasert energi etter kvart skal fasast ut av bruk. Sist haust vart det danna ei ny regjering i Tyskland, og i regjerings­erklæringa står det at all bruk av kol "ideelt sett" skal vere avslutta i 2030. Då skal 80 prosent av Tysklands energiforbruk vere fornybar. Når ein i denne samanhengen brukar uttrykket "ideelt sett", er det truleg fordi ein innser at det er urealistisk, sett i lys av den generelle energisituasjonen i Europa, som slett ikkje er god.

I 1962 vart det første atomkraftverket (AKV) i Tyskland sett i drift, og i åra etter vart ei mengd andre også bygde. På det meste var det til saman 17. I 1986 skjedde det ei alvorleg ulukke i eit sovjetisk AKV i Tsjernobyl i Sovjetunionen. Dette ga grunnlag for alvorleg uro, frykt og organisert motstand mot atomkraft både i og utanfor det politiske miljøet.

I 2011 fekk vi ei ny alvorleg ulykke i eit AKV, denne gongen i Fukushima i Japan. Det førte til at Forbundsdagen, det tyske parlamentet, med stort fleirtal lovfesta å avvikle alle atomkraftverk i landet. I åra etter har det eine AKV etter det andre vorte teke ut av drift, slik at det i 2021 berre var seks igjen. Tre av desse vart stengde for godt i desember, og dei tre siste får kroken på døra i løpet av dette året. I 2021, då det framleis var seks AKV i drift, sto desse for 14 prosent av all tysk energiproduksjon. På det meste, for tretti år sidan, utgjorde kjerneenergi nesten ein tredjedel av det samla tyske energiforbruket.

I tysk politikk er det eit sentralt mål at ein skal satse sterkare på fornybar energi, som i realiteten inneber vindkraft. I dag utgjer denne energiformen ca halvparten av energiproduksjonen i landet. For å kompensere for bortfallet av dei ovanfor nemnde seks kraftverka, må det i løpet av det komande året byggast 1000 nye vindkraftverk. Men det finst vel knapt nokon som trur at det kan vere realistisk, for det har begynt å vekse fram ein sterk motstand mot nye vindkraftverk, og argumenta er om lag dei same som vert brukte her i landet.

Men det er grenser for i kor stor grad ein kan basere seg på vindkraft, for slik energi får ein berre når vinden bles, og det gjer han ikkje alltid. Derfor må ein i tillegg ha energikjelder som fungerer også når det er vindstilt, "balansekraft". Til no har det vore kol-, gass- og atomkraft, men som vi har sett ovanfor vert det slutt med atomkraft i år, og med kolkraft i 2030, og då er det berre gasskraft igjen som kan gi straum når det er vindstilt – dersom ein då ser bort frå import av norsk vasskraft og atomkraft frå andre land.

Halvparten av gassen som vert brent i Europa og vert til straum kjem frå Russland gjennom røyrleidningar som går gjennom Ukraina og Polen. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor vert det behov for å importere endå meir gass frå Russland. Derfor har det vorte lagt ei ny gassrøyrleidning derifrå gjennom Østersjøen til Tyskland, North Stream 2, som vil doble den russiske eksportkapasiteten, men som enno ikkje er sett i drift.

Som straff for at Russland har innlemma Krim i Russland, støttar opprørarane i Aust-Ukraina og har store troppestyrkar ved den ukrainske grensa, meiner mange tyske politikarar at kranane på North Stream 2-leidninga ikkje bør opnast. Dette synet står aller sterkast i partiet "Die Grünen", som er eitt av dei tre regjeringspartia, og som har både ministeren for næringsliv og klimavern, miljøministeren og utanriksministeren. Russlands reaksjon på dette er at dei har redusert gassleveransane gjennom dei eksisterande leidningane, noko som har medverka til den sterke prisauken på gass. Det ser ut som om straffa rammar straffaren hardare enn "syndaren"

I det siste har tysk energipolitikk fått ein ny dimensjon. EU-kommisjonen har i lengre tid arbeidt med å klassifisere dei ulike energiformene etter berekraft, og dei har lagt fram eit forslag som seinare skal vedtakast som lov av europaparlamentet. Forslaget inneber mellom anna at gass- og atomkraft skal klassifiserast som "berekraftig", "grøn energi". Dette har skapt sterke reaksjonar i det tyske politiske miljøet, for der er dei fleste prinsipielle motstandarar av "grønvasking" av desse energiformene. Men dei har ikkje noko godt svar på kvar straumen skal kome frå når vinden ikkje bles. Derfor vil dei truleg bryte sine eigne prinsipielle standpunkt og langt inn i framtida brenne både kol og gass for å skaffe nok energi for drifta av samfunnet.

Slik ser vi at dei energipolitiske avgjerdene om å stenge dei tyske atomkraftverka, og å føre ein politikk overfor Russland som har som konsekvens at ein ikkje får kjøpt tilstrekkelege mengder gass, har skapt eit energiunderskot med følgjande sterk prisauke i den opne nordeuropeiske kraftmarknaden. Under frie marknadstilhøve er det først og fremst høvet mellom tilbod og etterspurnad som bestemmer prisen, og slik er det også på energimarknaden. Ei av årsakene til dei skyhøge straumprisane vi har hatt i Sør-Noreg i det siste kan såleis tilskrivast den tyske energipolitikken.

fredag 10. desember 2021

Kyrkja og klimaet

 Artikkel under 'synspunkt' i Nyss 10. desember.

Det øverste organet i Den norske kyrkja (DNK), kyrkjemøtet, vart halde 11. – 16. november. Ei sak som dei 116 representantane på møtet handsama har vakt langt større merksemd enn dei andre, også utanfor kyrkjelege kretsar, nemleg kampen mot klimaendringane, og det vart fatta vedtak om dette. Eitt av strekpunkta i vedtaket uttrykte at kyrkja vil påverke politikken på dette området ved å be den norske regjeringa om å lytte til tilrådinga i Det internasjonale energibyrået (IEA) sin rapport "NetZero by 2050 A Roadmap for the Global Energy Sector", om å stanse leiteaktiviteten etter olje og gass på norsk sokkel.

Reint formelt inneber vedtaket at ein ber regjeringa om å "lytte", men alle som hadde ordet til denne saka ga uttrykk for at dei forstod at avstemminga galdt langt meir enn berre å lytte, at det ein skulle røyste over var om ein var for eller imot fortsatt olje- og gassleiting på norsk sokkel. Svært mange har reagert med kritikk mot vedtaket. I veka etter kyrkjemøtet, 17.11 – 23.11, tok  1700 DNK-medlemer konsekvensen av det ved å melde seg ut.

Ikkje uventa kom den skarpaste kritikken frå Fremskrittspartiet. Sylvi Listhaug meinte at det å legge ned norsk oljenæring kunne føre til auka utslepp globalt, utflagging av arbeidsplassar, og gjere Noreg til eit fattigare land. Stortingsrepresentant Sveinung Stensland for Høgre meinte at det ikkje finst haldepunkt i Bibelen for vedtaket, og åtvara mot følgjene vedtaket kunne få for kyrkjas oppslutnad. Andre understreka at kyrkja må legge vekt på å inkludere alle uavhengig av kva politiske parti dei røyster på, og sørge for at dei kan føle seg heime i kyrkja, for kyrkja bør vere eit trusfellesskap og ikkje ein partipolitisk meiningsfellesskap. I den samanhengen vart det nemnt at SV, Rødt, MDG og Venstre har programformuleringar som uttrykker det same som kyrkjemøtet sitt vedtak. Ingen av dei andre stortingspartia, dvs Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti, som utgjer 136 av Stortingets 169 mandatar, går inn for leitestans.

Parisavtalen om klimaet, som vart vedtatt i 2015, og konkretiseringane av han på klimamøtet i Glasgow no i haust, har som målsetting at ein i 2050 skal ha sett i verk tiltak slik at ein då avgrensar temperaturstigninga på jorda til 1,5 grader. Den rapporten som er nemnd i kyrkjemøtet sitt vedtak skisserer ein modell for korleis ein kan få til det, men det stemmer ikkje at denne rapporten "anbefaler å stanse ytterligere leteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel", slik som påstått i vedtaket. Rapporten nemner ikkje norsk sokkel med eit einaste ord. Han seier at modellen som rapporten bygger på ikkje tilseier at det på verdsbasis vil vere behov for investeringar i meir olje- og gassleiting, og det er noko heilt anna. Det er ikkje ei anbefaling. ("There is no need for investment in new fossil fuel supply in our net zero pathway. Beyond projects already committed as of 2021, there are no new oil and gas fields approved for development in our pathway, and no new coal mines or mine extensions are required.") ("Net zero pathway" = Betegnelsen på den modellen som rapporten baserer seg på.)

Den nemnde IEA-rapporten inneheld altså ikkje noko slik tilråding som vedtaket påstår, og få seriøse og ansvarlege politikarar meiner at ein med det første bør slutte å nytte gass som energikjelde. Grunnen til det har med energisituasjonen i Europa å gjere. Med unntak av Frankrike er no dei fleste andre landa i Europa som har basert seg på kjernekraft i ferd med å avvikle atomkraftverka sine, og dei satsar på utbygging av vind- og solkraft. Men vinden bles ikkje alltid, og sola er i store deler av året bak skyene. Derfor er det behov for andre og meir stabile energiformer i tillegg (balansekraft). No, og i mange tiår framover er det berre naturgass som kan vere eit realistisk alternativ i så måte. Men om nokre tiår, når tanken om thoriumatomkraft har modna i tilstrekkeleg grad, kan det tenkast at gass ikkje lenger er ei interessant energikjelde. Men inntil vidare er gass løysinga, ikkje problemet.

tirsdag 2. november 2021

Det grøne skiftet er her. Hurra?

 Kronikk i Sunnmørsposten 1. november

Straumprisane i Noreg, spesielt Sør-Noreg, har aldri vore så høge som dei har vore i det siste. Dette vert forklart med at vértilhøva har vore spesielle, på den måten at mange uheldige faktorar har slått inn samstundes. Tørt og varmt vér dei siste månadene har ført til låg vasstand i magasina.

Men dette er berre ein del av biletet. Vi er knytta til det europeiske kraftnettet, og den grunnleggande årsaka til at vi er det er at vi skal kunne eksportere til Europa når vi har kraftoverskot, og importere når vi har for lite.  Men det har vore lite vind i Europa i sommar, vindmøllene har gitt lite straum, og prisane på kol og gass har vore høge. Dette har også i høgste grad påverka kraftprisen, for energi er energi, og dei ulike energiberarane konkurerer på same marknad, den europeiske kraftmarknaden.

Kraftmarknaden i Europa er dreven av sterke kommersielle motiv. Når energiprisane er høge på kontinentet er freistnaden til å selje krafta til ein stiv pris dit ofte større enn motivasjonen for å sørge for at norske forbrukarar kan få den same straummengda til ein lågare pris. Sjølv om magasinfyllingane i Noreg i løpet av dei siste månadane har vore langt dårlegare enn normalt, har det likevel vorte eksportert 6 TWh (1TWh=1 milliard watttimar). Dette er ein periode  der magasina i Sør-Noreg normalt vert fylde, frå om lag 40 til 50 TWh. I år har dei vorte tømde frå 36 til 34 TWh. Taparane er sjølvsagt dei norske kraftkundane. I realiteten er dette ein ekstraskatt til det offentlege, for dei fleste norske kraftselskapa er i offentleg eige. Vi ser derfor av og til at dei høge kraftprisane vert rettferdiggjorde med at denne "skatten" kjem alle til gode i form av meir generøse offentlege tenester.

Dei fleste europeiske landa tek no steg for redusere forbruket sitt av ikkje-fornybar energi, og det skjer ved storsatsing på utbygging av vind- og solkraft, mest det første. Men som vi veit skin ikkje sola og vinden bles ikkje alltid, så overgangen til det grøne skiftet vil innebere at kraftforsyninga i heile Europa vert meir utrygg. Og dette er berre begynnelsen. Etter kvart som våre mest viktige kraftleverandører i utlandet med grunngjeving i det grøne skiftet går over til upåliteleg vind- og solkraft, vert våre kraftrekningar også større og større.

Fordi vindkraftverk ikkje fungerer utan vind vil den krafta vi kjøper frå kontinentet ofte vere atom-, kol-, eller gasskraft. I denne samanheng er det naudsynt å minne om dette:

Tyskland har i dag seks atomkraftverk som til saman produserer 10 prosent av landet sin totale produksjon. Tre av dei skal stengast i løpet av dette året og dei tre siste neste år. Belgia, som får halvparten av sin straum frå dei sju atomkraftverka i landet, skal stenge desse i løpet av 2025.

Ein stor andel av europas straumforsyning er i dag kolbasert, i Tyskland ca 30 prosent. Men til trass for gode rensesystem er kolkraftverk sterkt forurensande, og brenning av kol slepper ut dobbelt så mykje CO2 som gass for den same produserte kraftmengda. Derfor er det planar om å gradvis fase ut kolkraftverka i åra framover. Tyskland tar sikte på å legge ned det siste kolkraftverket seinast i 2038. Men for å dempe energiunderskotet vi har i dag, og som politikarane trur er mellombels, har mange av kolkraftverka i Europa sterkt auka produksjonen sin dei siste månadene.

I dag er om lag halvparten av Tysklands straum basert på fornybar energi, vind- og solkraft, og meir skal det bli. Men ein tar sikte på at gass framleis skal utgjere ein stor del av energiproduksjonen i landet, for ein har behov for straum også når det er vindstilt og sola ikkje skin.

Halvparten av gassen som vert brent i Europa kjem frå Russland gjennom røyrleidningar som går gjennom Ukraina og Polen. Fordi Tyskland snart stenger atomkraftverka sine vert det behov for å importere endå meir gass frå Russland. Derfor har det vorte lagt ei ny gassrøyrleidning derifrå gjennom Østersjøen til Tyskland, Nord Stream 2, som vil doble den russiske eksportkapasiteten. Men dette er omstridd i Tyskland og endå meir i EU-organa. Som straff for at Russland har fengsla ein opposisjonell (eller fleire), innlemma Krim i Russland og støttar opprørarane i Aust-Ukraina, vil mange no nekte å opne kranane på Nord Stream 2-leidninga. Russlands reaksjon på dette er at dei har redusert gassleveransane gjennom dei eksisterande leidningane med 15 prosent, og skapt underskot og sterk prisauke på gass. I denne samanhengen er det relevant å nemne at "Die Grünen", som vert eitt av dei tre partia i den komande regjeringa i Tyskland, er imot opninga av Nordstream 2. Straffinga av Russland ser ut til å ramme heile Europa langt skarpare enn den straffa var retta mot.

Dei norske olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen har til no vorte drivne med energi frå separate og eigne gasskraftverk. Men fordi forbrenninga av gassen avgir litt CO2, skal han no bli eksportert til kontinentet for å bli brent der, og installasjonane skal drivast med straum frå land. Sverdrup er allereie elektrifisert og brukar 6 GWh i året (1 GWh=1 million wattimar). Oseberg og Trollfeltet vil kome til å bruke 1-1,5 TWh. Dette vil koste Noreg 50 milliarder kroner utan nokon som helst miljømessig gevinst globalt, men det er positivt for Noregs miljørekneskap.

Sterke krefter tar sikte på å bygge ut store vindparkar i Nordsjøen, og at desse skal knytast til det europeiske kraftnettet. Ei slik utbygging vil bli svært dyr, og vil bidra til å halde straumprisen på eit høgt nivå, langt høgare enn det vi har no.

Samla sett fører dette til at vi vil få stadig stigande energiprisar dei komande tiåra. Energi er drivkrafta i alle former for menneskeleg verksemd og samfunnsmessig aktivitet, og dette inneber at vi i framtida må klare oss med ein langt lågare levestandard enn vi har i dag. Men ikkje alle vil verte råka like hardt, for kaptalismen er treffsikker. Han råkar dei svake, men eventuelle offentlege mottiltak er upresise. Det demrar for oss kva det grøne skiftet vil koste, og kven som må betale.

søndag 24. oktober 2021

Medieskapt klimakrise

Synspunktartikkel i Nyss 22. oktober. 

Sidan 2005 har Nordiske Mediedager årleg fått gjennomført ei opinionsundersøking mellom medlemene i Norsk Journalistlag. Desse undersøkingane gir eit godt innblikk i norske journalistars synspunkt og haldningar til ymse sider ved norsk samfunnsliv og politikk.

Den siste medieundersøkinga (2021) viste mellom anna at 15 prosent av journalistane sa at dei ville røyste på Miljøpartiet (MDG) ved årets stortingsval, men som vi veit nådde ikkje partiet ein gong sperregrensa på 4 prosent. Dersom dei partipolitiske sympatiane mellom alle veljarane hadde fordelt seg på same måte som blant journalistane, ville Rødt hatt 18 representantar på Stortinget. Dei fekk 8. Fremskrittspartiet fekk 21 representantar ved valet, men ville ikkje ha fått inn ein einaste dersom norske journalistar hadde bestemt. Dersom journalistar var dei einaste med røysterett ville 120 av dei 169 stortingsrepresentantane ha kome frå Rødt, SV, MDG eller Ap. Ved valet fekk desse partia berre halvparten, 62.

Den samla oppslutninga til dei fire nemnde partia har vore nokså stabil frå den første undersøkinga i 2005 til i dag. I 11 av dei 17 undersøkingane som har vorte gjennomførde svara over 60 prosent av journalistane at dei ville ha stemt på eitt av dei.

Journalistar er, som folk flest, ærlege, og dei har som ideal å formidle kunnskap og informasjon på ein sakleg måte, og stort sett held dei sine politiske preferansar i bakgrunnen. Likevel slår av og til dei politiske sympatiane gjennom og fargar bodskapen deira. Dette såg vi fleire døme på i årets valkamp. SV, Rødt og MDG fekk knapt kritiske spørsmål i massemedia. Aller verst var kanskje NRK. Etter å ha dynka oss med dystre dystopiske spådomar om både klimakrise og klimakatastrofe fordi jorda kan bli litt varmare, og skremt vatnet av norsk ungdom, eller prøvd på det, serverte statskanalen eit genialt tiltak mot den nye folkesjukdomen "klimaangst". Dei kontakta ein "klimapsykolog" som hadde denne resepten: "Røyst på eit skikkeleg klima- og miljøparti." Men NRK "gløymde" å opplyse om at psykologen var MDG-aktivist.

I Dagsrevyen 7. september vart resultata av skulevalet presenterte. "SV er en av vinnerne av skolevalget", vart det sagt, sjølv om FrP gjekk endå meir fram, men det vart ikkje nemnt. Dette vart også sagt: "Man hadde kanskje grunn til å tro at MDG ville gjøre et enda bedre skolevalg." Men MDG gjekk tilbake med 0,8 prosent. Korkje programleiaren eller kommentatoren var i stand til å sjå hovudtendensen gjennom sine ideologiske briller: At FrP vart vald av dobbelt så mange som MDG, og at dei unge har valt mykje meir oljevenleg enn journalistane hadde spådd at dei ville gjere.

Den 26. september var det forbundsdagsval i Tyskland. Den 23. var det partileiardebatt på tysk TV. Klimaspørsmålet fekk ein svært beskjeden plass i programmet. Det var heilt andre spørsmål som fekk merksemd. Men på NRK-kveldsnytt same kveld vart dette sagt: "Klimapolitikk preget debatten i kveld", og så vart det vist eit utsnitt av debatten, med Annalena Baerbock som er leiar for partiet 'Die Grünen', som er like radikalt som MDG her i landet. Tidlegare på kvelden, på Dagsrevyen, hadde vi fått opplyst at klimakrisa er "den store saken i den tyske valgkampen". På eitt vis var dette sant. Klimakrisa var "den store saken i den tyske valgkampen", i NRK, men ikkje i Tyskland.

Vi har alle ein tendens til å la våre politiske og ideologiske verdiar og haldningar farge forståinga av det vi ser og erfarer, og i neste omgang kommuniserer vidare. Når journalistar formidlar nyhende vil det ofte vere farga av deira verdiar og politiske overtydingar, slik eg har vist ovanfor. Dette skjer som regel umedvite, og det er ikkje alltid like lett for oss vanlege menneske å forstå når det skjer. Spørsmålet er om det er ønske om og vilje til å gjere noko med dette. Dersom det er det kunne ein kanskje legge til grunn ein rekrutteringspolitikk med føremål å sikre at journalistar med andre politiske sympatiar enn SV/Rødt/MDG og Ap i større grad fekk tilgang til journalistyrket.

lørdag 4. september 2021

Snillhetens styrke og svakhet

Artikkel i Nyss, 3. september

Å være snill betyr å oppføre seg slik i forhold til andre mennesker at de føler seg verdsatt eller opplever glede. "Den gylne regel", at vi skal oppføre oss mot andre mennesker slik vi vil at de skal oppføre seg mot oss, kan sees på som en konkretisering av dette, og dette er et etisk spørsmål. Etikk er den delen av filosofien som arbeider med spørsmål av denne typen: "Hva er godt?", "Hva er det rette?", "Hva er rettferdig?". Grovt sett kan etikk, som filosofisk begrep, deles i to, i sinnelagsetikk og konsekvensetikk.

Sinnelagsetikk innebærer at en har fokus på de følelsene og motivene som ligger til grunn for en handling. En konsekvensetisk vurdering er mindre opptatt av motivene for en handling, men legger derimot vekten på dens effekter og konsekvenser. Snillhet må betraktes som en sinnelagsetisk holdning, for snillhet har alltid empati og positiv holdning til andre mennesker som grunnlag. Snillhet kommer fra hjertet, ikke fra hjernen.

Snillhet er en personlig egenskap, men den er ikke medfødt. Den er delvis situasjons­betinget. Den kan trenes opp, eller dø hen. Snillhet er en form for investering som vanligvis ikke slår feil, for når vi viser snillhet mot andre får vi snillhet tilbake. Snillhet skaper tilhørighet og samhold og gir god samvittighet. Dette er snillhetens styrke.

Men snillhet er selvfølgelig ikke den eneste egenskapen som skal til for å gjøre mennesker lykkelige og skape gode samfunn, for vi lever i politiske, økonomiske og sosiale strukturer som har både negative og positive effekter for det gode liv, og det er ikke bare snillhet som gjør livet godt for oss. Til og med egoistiske motiver kan ha positive effekter. Det er ikke snillhet som ligger til grunn for vareutvalget i butikkene, men produsentenes og handelsstandens egeninteresse og kundens behov.

Det er mye krig, fattigdom og elendighet i verden, og den enkleste  forklaringen på det kunne være at vi ikke er snille nok mot hverandre. Men dette er selvsagt en svært overflatisk og naiv forståelse av hvordan sammenhengene i tilværelsen og verden er. Poenget er nemlig at snillhet ikke gir et  tilstrekkelig godt etisk grunnlag for å treffe politiske beslutninger, for det vi betrakter som en snill handling kan av andre aktører bli oppfattet som det motsatte. Det kan også være slik at handlinger som har sitt utspring i snillhet kan ha sterkt negative effekter på et overordnet nivå og på lang sikt. USA selger ris til fattige land til dumpingpriser og kaller dette u-hjelp. Dette har som konsekvens at grunnlaget for lokal matproduksjon blir svekket. U-hjelp i form av brukte klær har noen steder i Afrika ødelagt grunnlaget for lokal klesproduksjon. Dette dilemmaet er tydelig også når det gjelder innvandringspolitikken. En "snill" og ukontrollert politikk på dette området kan ha sterkt negative konsekvenser for våre velferdsstatlige ordninger.

Snillhet kan altså ha utilsiktede og langsiktige negative konsekvenser, og slik sett kan det sies at snillhet kan være nærsynt og perspektivløs, og dette er snillhetens svakhet. Vi trenger derfor samfunnsmessige ordninger som skal motvirke dette, dvs sørge for at de mange positive individuelle og snille aktivitetene som blir utført også har positive konsekvenser samlet sett, på et overordnet nivå og på lang sikt. Og for å ivareta disse funksjonene har vi politikere, politiske systemer og offentlig administrasjon.

Staten er altså ikke snill, selv om det av og til kan se slik ut. Dens vedtak og tiltak og ordninger står ofte i motsetning til det vi oppfatter som snillhet. Men det innebærer ikke at statens adferd er mindreverdig etisk sett. Det betyr bare at den må vektlegge de etiske prinsippene på en annen måte enn det vi som individuelle medborgere kan tillate oss. For mens den jevne kvinne og mann kan la sin adferd styres av sinnelagsetiske prinsipper, må statens tanke- og handlesett også legge konsekvensetiske vurderinger til grunn for sin adferd. Den gode vilje er ikke alltid nok.

fredag 20. august 2021

Ein sofavelgars valgdag

Diktet sto på trykk i Nyss den 20. august

Det er ulike grunnar til at folk røyster i politiske val og på dei partia dei gjer. Mange røyster på sitt parti av gammal vane. Nokre  gjer det etter å ha studert og vurdert partiprogram og politiske utspel. Men det er også mange som ikkje røyster i det heile tatt, kanskje fordi dei er late, ikkje bryr seg eller har vanskeleg for å bestemme seg. Dette er historia om ein som svært gjerne ville røyste, men som likevel ikkje fekk det til - fordi han vart forvirra av alle dei feite lovnadane som politikarane kom med. Dessutan treivst han veldig godt på sofaen sin.

 

Eg ligg på min sofa og har det så godt.

Min ondsinna nabo kallar meg fjott.

 

Men pytt, eg er korkje lei eller sår

for uføretrygda fekk eg i går.

 

I dag vert det avvikla stortingsval,

og eg skal røyste, eg vil, eg skal!

 

Men eg er så slapp, så inmari lei.

Til trass for dette vil eg i vei.

 

Eg reiser meg opp og tar skjorta på,

og kvardagstrusa like så.

 

Søvnig og sliten til badet eg går,

og steller mitt vakre hentehår.

 

Vaske ansikt og nase og øyre og alt?

Nei, vatnet er vått, og veldig kaldt.

 

Gebisset eg arva av bestefar.

Med andakt eg det i munnen tar.

 

Gebisset det manglar ei hjørnetann.

Med dei andre tygg eg så godt eg kan.

 

Eg går mot lokalet med nervar i spenn

og eg kjem nærare, litt om senn.

 

Men mjølkesyra i låra har surna

før eg er framme ved stortingsvalurna.

 

I vallokalet er mange slags lister.

Eg tek ei, for valløfta frister,

 

og eg tek fleire, sju, åtte, ni,

og puttar dei alle i lomma mi.

 

Så går eg heim med verkande kne,

og idet eg er heime har klokka blitt tre,

 

så no må eg ha meg ein liten blund,

ein to-tre timer, ei stakka stund.

 

Eg legg meg på sofa’n og somnar inn.

Gud signe Vår Herre og Sofaen min!

 

Så høyr kjære vener på mine ord,

kvar enn de bor,

i sør og i nord

på fjell og ved fjord:

 

Det er val og politikk som har øydelagt vår jord!