onsdag 12. mai 2004

Kven dreiv palestinarane på flukt i 1948?

Diskusjonsartikkel 12. mai 2004 i Sunnmørsposten

Den 6. april hadde Elias Vågnes eit innlegg i Sunnmørsposten der han mellom anna skreiv at ”Den sionistiske staten Israel vart oppretta ved at sionistane med våpen i hand jaga om lag 750.000 palestinarar frå ”gard og grunn” og deretter omgåande konfiskerte dei landsforviste sine eigedomar.” Den 19. april svarer Kjell Furnes på dette. I sitt svar skriv Furnes mellom anna at dette ikkje er sant,  at Vågnes kjem med ”ei rekke grove påstandar både mot det jødiske folk og andre” og han insinuerer at Vågnes driv med ”einsidig løgnpropaganda”. Eg har ikkje noko behov for å forsvare Vågnes, som eg knapt kjenner. Dessutan er han er nok i stand til å forsvare seg sjølv. Men eg har lyst til å formidle litt informasjon om kva nyare israelsk historieforsking seier om dette temaet.
Rundt 1990 var det ei gruppe historikarar i Israel som vakte ein del oppsikt, for å seie det mildt, fordi dei kom fram til forskingsresultat som sto i sterk motsetnad til det som var den offisielt vedtatte sanninga om korleis staten Israel hadde blitt til, og skjebna til palestinarane. Den mest kjente av desse var Benny Morris. Han sto på ytterste venstre fløy politisk. Han nekta å gjere teneste i det israelske forsvaret, og sat i fengsel for det. I 1988 ga han ut boka The Birth of the Palestinian Refugee Problem. Boka vart oppfatta som sterkt palestinarvenleg og fekk massiv kritikk for si vinkling av stoffet.

I 1998 gjekk 50-årsklausulen for hemmeleghald av arkivmateriale til regjeringa, sikkerheitstenesta og militæret i Israel ut, noko som ga israelske historikarar tilgang til nytt og interessant kjeldemateriale. Morris har studert deler av dette materialet svært grundig. På grunnlag av desse studiane har han fullstendig skreve om boka frå 1988. Den nye versjonen av boka heiter The Birth of the Palestinian refugee Problem Revisited. Boka er omtalt og kommentert i avisa Dagen 30. mars. Dei som er interesserte i utdjupande informasjon om denne boka og om Morris sine synspunkt finn meir informasjon her: http://www.theatlantic.com/unbound/interviews/int2004-03-25.htm.

Medan Morris arbeidde med revisjonen av boka, revurderte han sitt politiske syn totalt. Frå å vere venstreorientert og sterkt kritisk til den israelske politikken i høve til palestinarane, kom han i løpet av arbeidet med revisjonen av boka fram til det motsette synet, og står i dag på ytterste høgre politiske fløy i Israel. Men respekten for Morris mellom fagfolk er stor både i Israel og ellers i verda. Han er ein grundig og solid vitskapsmann som ingen enno har skulda for fusk eller uetterretteleg arbeid.

Etter at den sistnemnde boka til Morris kom ut har forfattaren vorte intervjua i fleire aviser og tidsskrift. I eit intervju med han i den Israelske avisa Ha’aretz utdjupar han nokre av sine synspunkt i boka. Dette intervuet finn ein i sin heilskap her: http://www.counterpunch.org/shavit01162004.html.

Talet på kor mange palestinarar som vart fordrevne frå Palestina har variert noko, alt etter kva slags interesser dei ulike partane har hatt. Baruch Kimmerling & Joel S. Migdal (2003)  (s 156) nemner dette: Forskjellige arabiske estimat har variert mellom 750.000 og 1.000.000, israelarane har sjølve brukt talet 520.000 og britane mellom 600.000 og 760.000. Benny Morris meiner at 700.000 er det mest korrekte talet. Ved utbrotet av krigen i 1948 var det 1,3 millionar palestinarar i Palestina, og godt og vel halvparten av desse vart altså jaga ut av landet. Morris sjølv meiner at det var heilt naudsynt å jage dei ut: ”A Jewish state would not have come into being without the uprooting of 700.000 palestinians. Therefore it was necessary to uproot them. There was no choice but to expel that population. It was necessary to cleanse the hinterland and cleanse the border areas and cleanse the main roads.”  Intervjuaren seier at ”to cleanse” (”rense”) er eit forferdeleg (”terrible”) uttrykk. Morris svarer til dette at det var det uttrykket som israelerane sjølve nytta i denne samanheng den gongen, både munnleg og i dei offisielle dokumenta, og at han berre har overtatt omgrepet Ha’aretz).

Morris meiner ikkje at det før 1948 var utarbeidd nokon generell eller heilskapleg plan for utdrivinga av palestinarane. Av politiske grunnar var det uråd å gjere det, for det kunne lett ha ført til svekka velvilje for Israels sak, men spørsmålet vart ofte omtalt i uformelle samanhengar. Men sjølv om det ikkje fantest nokon detaljert og heilskapleg plan for utdrivinga av palestinarane, var dette likevel etter kvart ein medviten politikk frå leiarane i Israel. Dette var tydeleg heilt frå byrjinga i april 1948, seier han i det ovanfor nemnde intervjuet med Ha’aretz. Heile det politiske leiarskapet var innforstått med dette, og offiserskorpset forsto kva som var kravt av dei. Opprinneleg var det også meininga at fleire enn dei 700.000 skulle fordrivast, men statsminister Ben Gurion fekk ”kalde føter” under vegs. Men han hadde også eit anna problem: I eit møte med generalstaben i 1948 klaga han over at hæren ikkje var aggressiv nok, og ikkje viste tilstrekkeleg besluttsomhet og vågemot med tanke på å drive ut palestinarane. (Knut Rognes, 16.12. 1998: Israels gjeld og etnisk rensing, Stavanger Aftenblad). Kimmerling & Migdal (2003) skriv at ”the idea of expulsion does seem to have grown along with Jewish confidence of victory.” (s163).

I intervjuet med Ha’artz seier Morris at det nyleg frigitte materialet frå styresmaktene viser at det var langt fleire døme på massakrar av palestinarar (”acts of massacre”) enn han før hadde trudd. Han vart overraska over å finne at valdtekt på palestinske kvinner var så vanleg, og det kjem også fram i dette nye kjeldematerialet at Haganah (forløparen for den israelske hæren) ofte vart gjeven eksplisitt ordre om å jage bort innbyggarane og øydelegge landsbyane deira. Ved mange høve vart berre bebuarane jaga, og husa fekk stå for at israelarar skulle kunne flytte inn i dei.

At 700.000 palestinarar vart drivne frå heimane sine, inneber sjølvsagt ikkje at israelske soldatar jaga ut kvar einskild av dei. I ein krigssituasjon er det ikkje den måten det skjer på. Flesteparten flykta nok fordi dei hadde høyrt historier - nokre sanne, men kanskje nokre også berre rykte - om at landsbyar i nærleiken hadde blitt raserte og at innbyggarane hadde blitt avretta. Frykta tok dei, og dei flykta, som regel med håp om å kunne vende attende. Ved ein del høve oppfordra også dei palestinske leiarane befolkninga til å evakuere landsbyane sine fordi dei kunne bli angripne (Kimmerling & Migdal 2003).

Furnes skriv at ”det historiske materiale kan stadfeste at det var eit offisielt israelsk ynskje at palestina-arabarane som budde på det same området som jødane ikkje skulle ”drivast ut”. Tvert i mot – dei ville innleie eit konstruktivt samarbeid med dei.”  Som eg har vist ovanfor er dette så feil som det kan vere. Den finst lett tilgjengelege forskingsbasert kunnskap om dette spørsmålet som klart seier det motsette, og det ser ut til å vere full semje om dette uavhengig av kva for ein av partane den einskilde historikaren sympatiserer med. Mellom kompetente fagfolk er ikkje dette lenger noko stridsspørsmål.