fredag 20. januar 2023

Kvifor er vi brutale?

Synspunktartikkel i Nyss 20. januar

I 1971 gjennomførde Philip Zimbardo ved Stanford-universitetet i USA eit tankevekkande forskingseksperiment. Han var interessert i å studere dynamikken i dei mellommenneskelege relasjonane i fengsel, og han ville gjere det ved hjelp av eit eksperiment.

På ein så realistisk måte som mogleg skulle ein ”spele fengsel”. Zimbardo sjølv skulle vere ”direktør”. Det vart plukka ut 22 forsøkspersonar. Den eine halvparten av desse skulle vere vaktarar og den andre fangar. Ein søndags ettermiddag vart fangane pågrepne og påsette handjern av ekte politifolk, og transporterte til fengselet i ekte politibilar. Fengselet var i ein kjellar i ein av bygningane på universitetsområdet. Eksperimentet var planlagt å gå over fleire veker.

I fengselet fekk fangevaktarane uniformer og fangane fekk fangedrakter. Dei sistnemnde fekk ikkje lov til å ha personlege eigendelar, og heller ikkje lov til å nytte namna sine, berre fangenummeret sitt. Fangane vart underlagde eit svært detaljert og strengt reglement. Det var oppstilling ein gong om natta, og to gonger om dagen. Til å begynne med varte  oppstillingane berre nokre minutt, men vart så gradvis utvida til fleire timar. På oppstillingane vart fangane mellom anna eksaminerte i dei kompliserte ordensreglane i fengselet. Dersom dei ikkje uttrykte seg slik som fangevoktarane meinte dei burde, vart dei straffa med armhevingar. Alvorlege brot på ordensreglane førde til at dei vart sette på isolatceller.

Fangevaktarane hadde som oppgåve å handheve ordensreglane, men korleis det skulle gjerast, fekk dei stor fridom til sjølve å bestemme. Denne fridomen vart nytta til sin ytterste konsekvens: Vaktarane vart gradvis meir og meir brutale overfor fangane.

Zimbardos tolking av dette var at grensa mellom spel og realitet vart utviska. Både vaktarane og fangane gjekk så langt inn i sine roller at rollene vart opplevde som det verkelege livet. Når ”løslatelseskommisjonen” ba fangane om å gjere greie for brotsverka sine, aksepterte dei utan vidare skuldingane. Dei prøvde ikkje å kome seg unna med at dei var deltakarar i eit rollespel og at dei derfor var uskuldige. Zimbardo vedgjekk sjølv at han var i ferd med å gløyme at han var forskar, og begynte å føle seg og opptre som ekte fengselsdirektør.

Etter seks døgn hadde vaktarane blitt så brutale at det var naudsynt å avbryte forsøket, delvis mot fangevaktarane sin vilje, for dei hadde begynt å trivast med den fridomen til maktbruk som rollene ga dei.

I boka The Lucifer Effect, som kom ut i 2007, reanalyserte Zimbardo erfaringane med fengselsprosjektet. Han meinte at ein ikkje kan forstå slik brutal åtferd som fangevaktarane i eksperimentet la for dagen ved å vise til enkeltindivids vondskapsfulle natur eller personlegdomstrekk, men at forklaringane ligg i normene og verdiane, i organisasjonskulturen.

Andre ekspertar på dette temaet har vore inne på liknande tankar. Hannah Arendt meinte såleis at dei som på forskjellige nivå sto bak jødeutryddingane i Nazi-tyskland ikkje var spesielt vonde av natur, men måten det politiske systemet fungerte på, og innhaldet i den nazistiske ideologien stimulerte og pressa dei til å utføre grusame handlingar. Fangevaktarane i konsentrasjonsleirane var lojale mot sine overordna, hadde sterke pliktkjensler og gjorde det dei vart sette til utan å stille spørsmål.

Ein skremmande, men ikkje heilt urealistisk tanke: Dette inneber at kven som helst av oss, under tilhøve som tilseier det, kan kome til å opptre like brutalt og umenneskeleg som fangevaktarane i Zimbardos ”fengsel”, eller endå verre: Som fangevaktarane i konsentrasjonsleirane i Nazi-Tyskland. Men denne faren kan motverkast, skriv Zimbardo, mellom anna ved å legge vekt på og fremme ein del sentrale haldningar og verdiar, mellom andre desse:

Vi bør ikkje blindt og ureflektert bøye og føye oss under gruppenormer. Vi bør ikkje akseptere vondskap gjennom umedviten passivitet og likesæle. Vi bør på ein konstruktiv måte stille oss kritiske til alle autoritetar. Vi har alle eit personleg ansvar for handlingane våre.