fredag 8. juli 2022

To liv - historien om Ola og Kari

 Artikkel i Nyss 8. juli

Kari

Kari er 32 år. Ho voks opp i ein liten bygdeby i Trøndelag og hadde ein problemlaus og harmonisk barndom. Ho hadde allsidige interesser, var skuleflink og hadde mange vener. Familien, som bestod av Kari, foreldra hennar og ein bror, hadde ein solid økonomi, og familiemedlemmene fungerte godt saman.

Då Kari var 12 år og puberteten hadde begynt å melde seg, fekk ho psykiske problem. Dei store endringane som skjedde med kroppen hennar uroa henne og gjorde at ho begynte å føle avsky for sin eigen kropp. Denne negative kjensla førde henne etter kvart inn mot spørsmål om kven ho eigenleg var og ville vere.

På denne tida tok omgrepet ‘født i feil kropp’ til å dukke opp i massemedia. Kari la merke til dette, og ho begynte å tenke på at det kanskje nettopp var det som var problemet hennar, at ho var ein gut som var innestengt i ein jentekropp. Til å begynne med avviste ho tanken på dette som både absurd og avskyeleg, men kjensla av at ho var født i feil kropp forfølgde henne likevel som ein mørk og plagsam skugge.

Kari hadde ingen å snakke med om problemet sitt. I redsle for korleis foreldra hennar ville  reagere var det utenkeleg å snakke med dei om dette. Ho hadde heller ikkje veninner eller andre som sto henne så nær at ho torde å opne seg for dei. Då Kari var 14 år flytta familien til Bergen. Kari sleit med å få nye vener og å tilpasse seg den nye skulesituasjonen der. Men ein forståelsesfull lærar såg at ho trengde profesjonell hjelp, og oppmoda henne til å kontakte helsestasjonen for ungdom. Der vart Kari teken i mot på ein måte som ga henne tryggleik til å opne seg om tankane sine. "Ta dine kjensler på alvor. Dine kjensler er din realitet. Dersom du føler at du er ein gut, så er du det", sa psykologen. Det var nettopp dette Kari ønskte å høyre, og ho tok konsekvensen av det.

Dette vart startpunktet på ein behandlingprosess som leia fram til at Kari, like etter å ha fylt 19 år, såg ut som ein heilt ‘normal’ mann, og ho endra namn. No heiter ho/han Karl.

Ola

Ola har nettopp fylt 71 år. Han hadde ein normal oppvekst saman med foreldra sine og to søsken. I ungdomstida hadde han allsidige interesser, og han var ein ivrig mosjonist, sommar som vinter.   

Ola studerte samfunnsfag på universitetet i Bergen. Der traff han Lina som han gifta seg med. Dei hadde mange felles interesser, mellom anna friluftsliv og mosjonsidrett. Då dei om lag samstundes runda 50 år, var dei begge i god form, friske og sunne og hadde eit godt liv. Men så døydde Lina i ei tragisk trafikkulykke. Det gjekk hardt inn på Ola, og han endra livsstilen sin. Han slutta å mosjonere, vart uforsiktig med sterk drikke og åt for mykje feit og usunn mat.

Etter 10 år som enkemann sto det dårleg til med Ola. Han hadde gått kraftig opp i vekt, fått diabetes og såg ikkje frisk ut. Fastlegen hans oppfordra han til å legge om livsstilen. Om lag samstundes traff han ei ny kvinne, og med hennar støtte, og ved hjelp av eit godt treningsprogram, klarde han å legge om livsstilen sin til om lag det han var ti år tilbake. Etter endå ti år, då han runda 70, var Ola minst like sprek som då han var 50. Han såg ut som ein femtiåring, og slik opplevde han seg sjølv også.

I dagspressa og i sosiale medier hadde kjønnskifte vorte ein del omtalt i det siste, så Ola tenkte at det logisk sett også måtte vere kurant å endre fødselsår. "Når det er mogleg å få ‘kjønnsbekreftende behandling’, basert på følelsane sine, må det også gå an å få endra fødselsår dersom følelsane tilseier det", tenkte han.

Ola søkte folkeregisteret om å få endra fødselsdagen sin frå 15. april 1951 til same dato i 1971. Det viktigaste argumentet hans var at helsa hans var på same nivå som femtiåringar, at det var slik hans omgjevnader opplevde han, og at dette heilt ut var i samsvar med korleis han forsto seg sjølv. Han var, reelt sett, 50 år, skreiv han i søknaden.

Han fekk avslag på søknaden.

To spørsmål

Kvifor fekk Kari ‘kjønnsbekreftande behandling’, basert på hennar kjensler av at ho var gut?

Kvifor fekk ikkje Ola endra sin fødselsdag med den same typen grunngjeving, at han følte seg som ein femtiåring?