onsdag 16. oktober 2013

Palestinas framtid - svar til Kjell Furnes

 Sunnmørsposten 16. oktober 2013

I eit innlegg her i avisa den 8.10 nemnde eg mellom anna at dei palestinske sjølvstyremyndigheitene har anerkjent Israel, men ikkje «den jødiske staten Israel». Eg gjorde også merksam på at det ikkje finst døme på at ein stat har anerkjent ein annan stat med referanse til kva religion eller etnisk tilhøyring innbyggarane har. Men Israel krev dette av palestinarane.

Anerkjenne. Kjell Furnes har innvendingar mot dette, og spør i Sunnmørsposten den 11.10: « Kunne det tenkjast at nasjonane ville anerkjenne Noreg, men ikkje ein norsk stat.» Mitt svar: Andre statar har anerkjent «staten Noreg», korkje meir eller mindre. Når statar anerkjenner kvarandre skjer det aldri med referanse til landets etnisitet eller religion. Men Israel krev altså dette av palestinarane. Palestinarane går ikkje med på dette, mellom anna fordi den tidlegare utanriksministeren i Israel, Avigdor Lieberman og hans parti, Yisrael Beiteinu, som er det 3. største partiet i Israel, har gått inn for å ta statsborgarskapen frå israelarar av palestinsk ætt, og kaste dei ut av landet. Palestinarane er redde for at anerkjenning av Israel som jødisk stat kan bidra til å legitimere at så skjer. Kjell Furnes spør om eg trur dette vil kome til å skje. Det veit eg ikkje, men kva eg veit om dette er irrelevant. Det avgjerande er kva palestinarane veit.

Furnes påstår at palestinarane går inn for at Israel skal utslettast, og han «beviser» dette ved å påstå at det finst palestinakart der staten Israel ikkje er innteikna. Men dette er ikkje dei ansvarlege palestinske styresmaktene sitt standpunkt. Dei har anerkjent staten Israel. Eg var i Israel i januar i år. På grensa fekk vi utdelt kart som ikkje berre omfattar Israel, men også Vestbreidda, utan grenser mellom desse områda. Dette er offisielle kart, utgjevne av «Ministry of Tourism». Eg forstår dette som eit uttrykk for at Israel har planar om å gjere heile Vestbreidda til ein del av Israel, og dette er ein prosess som heile tida går føre seg. Israel opprettar kontinuerleg nye busetnader og utvidar allereie eksisterande. Furnes påstår at palestinske leiarar seier at ein palestinsk stat skal vere heilt fri for jødar. Det stemmer ikkje. Dei krev at busetjingane vert fjerna, og det er noko anna. Vi må hugse kva dei israelske busettingene er, nemleg landområde som er okkuperte og lagt under israelsk mynde. Busetjarane er israelske statsborgarar og israelske styresmakter ser på busetjingane som deler av Israel, og har bygt opp tekniske og administrative infrastrukturar i samsvar med det.