fredag 25. mars 2022

Noreg og Europa 2032. Ein dystopi.

 Artikkel i Nyss 25. mars

Vi veit ikkje korleis framtida vil bli, men vi veit at ho ikkje vil verte ein kopi av det som var. Med utgangspunkt i trendar og utviklingstrekk i samtida går det likevel an å gjere seg opp tankar om korleis framtida vert. Slik er situasjonen i 2032:

Ved utgangen av 2021 tenkte folk attende på dei siste 20 åra med eit smil om munnen og sa: «Dette har vore gode år for Noreg. Vi har hatt fred og velstand og vi er lukkelege.» Slik skulle det halde fram, tenkte dei fleste. Men i mars 2022 forandra stemninga seg. Den positive grunntonen snudde til pessimisme og angst. Kva skjedde?

I slutten av februar 2022 invaderte Russland Ukraina. Etter nokre veker fekk dei kontroll over den austlege og søraustlege delen av landet. For å straffe Russland sette vestmaktene i verk omfattande politiske, kulturelle og økonomiske sanksjonar, og det vart så og seie slutt på all samhandel med landet. Som svar stoppa Russland all leveranse av gass og olje til Europa. Dette førde til ein dramatisk prisauke på alle produkt som vert til ved bruk av energi, og det er dei aller fleste tinga som omgir oss. Mange av straffetiltaka står framleis ved lag. 

Krigen vart avslutta gjennom fredsforhandlingar som ga som resultat at Russland fekk kontroll over Donetsk og Luhansk fylke og heile kystområdet i Asovhavet. I den ukrainske grunnlova vart det teke inn ei formulering om at landet skulle vere nøytralt og ikkje søke om NATO-medlemsskap.

I 2021 dekte Noreg 30 prosent av Tysklands gassbehov. Landet hadde eit sterkt ønske om å kjøpe meir, men kapasiteten til den einaste gassrørleidninga tillot ikkje det. Etter kvart auka leiteaktiviteten etter nye gassfelt. Ein gjorde store funn, og ein bygde ei ny røyrleidning til Tyskland som sto ferdig for to år sidan.

Fram til ukrainakrigen hadde dei fleste europeiske landa gjennom fleire tiår trappa ned bruken av kolbasert straum. Men straumkrisa førde til at dei starta opp igjen gamle kolkraftverk og bygde nye, så det vart ein sterk auke av kolkraft utover på 20-talet. I 2030 vart det produsert meir kolkraft i Tyskland enn i 2020.

Den auka importen av gass frå Noreg, og meir omfattande bruk av kolkraft, har ført til at ein nærmar seg ein balanse i kraftmarknaden. På begynnelsen av 2020-talet begynte fleire europeiske land å planlegge nye atomkraftverk. Utover på 2030-talet vil desse verte sette i drift. Ein reknar med at ein om få år har trappa opp produksjonen av atomkraft slik at ein kan begynne å fase ned bruken av kolkraft.

Dei første 20 åra i dette sekelet vart det bygt ut mykje vindkraft i nord-Europa, og det var også planar om vidare satsing på slik energi. Men sterk folkeleg motstand mot vindmøller har ført til at lite har skjedd på dette området dei siste fem åra.

Fram til ukrainakrigen var Russland og Ukraina mellom dei viktigaste kornprodusentane i verda. Som konsekvens av krigshandlingane og sanksjonane mot Russland er det no stor mangel på korn i Europa, og prisen på kornbaserte matvarer har vorte mangedobla. Ein annan grunn til dei høge matvareprisane er at det på verdsbasis vert produsert altfor lite kunstgjødsel, og at det som er å få kjøpt er svært dyrt. Dette har ført til at det på verdsbasis vert produsert mindre mat no enn for ti år sidan. I nokre av dei fattigaste landa er det no så og seie permanent hungersnaud.

Fordi det heilt sidan ukrainakrigen tok til har vore stor energimangel og svært gode prisar på olje og gass, har den norske staten tent gode pengar i denne perioden. Styresmaktene har derfor hatt gode føresetnader for å dempe fattigdomsutviklinga, men utan at det i nemneverdig grad har vorte gjort, for no som før likar politikarane å ha flust med pengar som dei kan strø over grupper som dei trur er viktige for å verte valde igjen.

I dei fleste land i Europa har levestandarden gått ned dei siste ti åra. Det har vorte stor arbeidsløyse og aukande kriminalitet, og dei sosiale motsetnadene har blitt skjerpa. I dei europeiske storbyane er det med jamne mellomrom store valdelege demonstrasjonar.

I mange land, inkludert Noreg, har tilliten til politikarane vorte svekka, og ekstreme politiske parti har fått auka tilslutnad. Dei gamle styringspartia har blitt ein skugge av seg sjølve, og det har vorte vanskeleg å danne styringsdyktige og stabile regjeringar.

Av dei årsakene som er nemnde ovanfor har dei fleste no ein heilt annan livsstil enn dei hadde før. Ein reiser mindre, og det er betre plass på vegane. Dei fleste køyretøya på vegane er elektrisk drivne. Det er få diesel- og bensinbilar å sjå, for når bensin og diesel no nærmar seg 50 kroner literen, køyrer ein ikkje i utrengsmål.

Før ukrainakrigen var kampen mot klimakrisa den store saka for alle regjeringar i Europa. Men dei siste åra har den gjennomsnittlege temperaturen på jorda gått litt nedover, og ingen snakkar om klimakrisa lenger. 1200 klimakriseforskarar i Europa har mist levebrødet sitt, og har måtta selje el-bilane sine. No syklar dei.