søndag 17. november 2013

Den svenske kyrkja og Jesus

Kronikk i Sunnmørsposten den 31. oktober 2013.

Den 15. oktober vart det vald ny erkebiskop i Den svenske kyrkja. 325 valgmenn og -kvinner frå heile landet var samla, og valet fall på Antje Jackelén. Ho vart vald med solid fleirtal, 56 % av røystene. Ragnar Persenius kom på andre plass med 33 %. Jackelén skal tiltre embetet den 15. juni neste år.
Antje Jackelén er fødd i 1955 i Tyskland, og ho vart ordinert til prest i 1980. I 1999 fekk ho doktorgraden i teologi ved universitetet i Lund. Ho har sidan 2007 vore biskop i Lunds stift.

Før valet, den 1. oktober, vart det i regi av kyrkja sjølv arrangert ei grundig og detaljert utspørjing av dei fem kandidatane. Desse samtalane ligg i sin heilskap her: http://www.kyrkanstidning.se/inrikes/arkebiskopskandidater-utfragas-i-webb-tv. I samtalen kom Jackelén med nokre utsegner som har vakt merksemd i vide kretsar, også utanfor kyrkja, i dagspressa.
Jackelén sa mellom anna dette: "Jesus säger att han er sanningen, men han säger inte 'jag er den enda sanningen'". Men det var nettopp det Jesus sa, for det som kjem vidare lyder slik: "Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." (Joh. 14.6) Jackelén har etterpå blitt beden om å presisere kva ho meinte, og har svara: "Alldeles självklart är Jesus vägen, sanningen och livet för oss kristna."  For oss kristne. For dei som har andre religionar er det andre sanningar og vegar til sæla.

Jackelén vart også utfordra på spørsmålet om Jesus gir eit sannare bilde av Gud enn Muhammed. Ho svara på ein måte som gir inntrykk av at for oss kristne er det slik, men for muslimane er det Muhammed som viser vegen til Gud (Allah). Og i prinsippet er det ikkje så mykje som skil dei tre monoteistiske religionane, kristendom, jødedom og islam. Vi trur alle på den same guden, sa Jackelén.
I samtalen kom det også fram at Jackelén ikkje trur på jomfrufødselen. Ho kallar det ei billedleg framstilling (metafor). På spørsmål om ho trur at Jesus gjekk på vatnet, svarer ho: "Nej, vi tror med Bibeln, men inte på Bibeln som en samling sanningar".

At det var Jackelén som vart vald til erkebiskop var sjølvsagt ikkje tilfeldig eller ei arbeidsulukke. Dei to føregåande erkebiskopane i Sverige, K.G. Hammar og Anders Wejryd hadde synspunkt som likna mykje på Jackelén sine, og fleirtalet i det svenske bispekollegiet deler langt på veg hennar synspunkt. Men ingen kyrkjeleiar i Sverige har før, og på så klart vis, formulert hovudprinsippa i den (ekstrem-)liberale teologien. Hovudtesene til denne teologiske retninga kan samanfattast slik: Det er meiningslaust å spørje kva som er den sanne religionen. For oss kristne er den kristne læra sanninga, og for muslimane er det islam. Absolutt sanning i religiøse spørsmål finst ikkje.
I Sverige, i likskap med dei fleste vesteuropeiske landa, er det ein pågåande sekulariseringsprosess, som eit stykke på veg kan forklarast med djuptgripande sosiale og kulturelle endringar. Denne prosessen ser ut til å ha kome eit stykke lenger i Sverige enn i Noreg. Det at 67 % av den svenske befolkninga er medlemmer av Svenska Kyrkan, medan den tilsvarande prosenten for Den norske kyrkja er 77, er ein indikasjon på dette.

Sekulariseringa av det svenske samfunnet avspeglar seg mellom anna i organiseringa av  kyrkja.Til trass for at Svenska kyrkan ikkje er ei statskyrkje, har dei politiske partia stor innflytelse på styringa av henne, og delvis også på læremessige spørsmål. Dette kjem til uttrykk ved at dei einskilde politiske partia stiller liste ved dei lokale soknerådsvala. Mange svenske soknerådsmedlemer kallar seg ikkje ein gong kristne, men er aktive i soknerådsarbeidet for å kontrollere kyrkja, og for å utnytte kyrkja for sine partipolitiske føremål.
Ei viktig årsak til den sterke posisjonen som den liberale teologien har fått innanfor Svenska kyrkan har vore eit ynskje om å demme opp for sekulariseringa av samfunnet, og bremse opp fråfallet frå kyrkja. Av frykt for å legge grunnlag for utvikling av utrivelege kjensler og gjere terskelen til kyrkja lågare, har ein slutta å snakke om synd og helvete, og Jesu under vert framstilt som myter og metaforar for å unngå å provosere dei som har gjort rasjonalitet og naturvitskap til sin religion. I den grad den einskilde oppfattar dei "overnaturlege" hendingane i Bibelen som sanning, er dei berre hans/hennar sanning. Kven som helst kan definere si personlege sanning, for religiøse kjensler og fakta er berre subjektive og individuelle synsingar. Men er ein religion som ikkje har plass for under ein religion? Og er ein gud som ikkje kan gjere unntak frå dei naturlovene han sjølv har skapt ein gud?

Eit særtrekk ved menneska i det moderne postindustrielle samfunnet av i dag er at dei føler seg rotlause og er på søking etter faste haldepunkt i livet. Før fann ein dette i kyrkja, men i dag? No møter ein kanskje ein prest som seier: "Det er ikkje snakk om svart og kvitt" og som spør attende: "Kva meinar du?" Men ei kyrkje som gir slike svar og stiller slike spørsmål er det vanskeleg å ha tillit til, for dersom ein skal oppnå tillit må ein vise kva ein står for, også når dei dystre sanningane skal seiast, ja kanskje først og fremst då. Sagt på ein annan måte: Den jattande, relativiserande, liberale teologiske retninga er neppe redninga for Svenska kyrkan, og ikkje for den norske heller. Dei offisielle kyrkjene i landa våre vil framleis skalle av i begge retningar. Dei ikkje-religiøse vil melde seg ut fordi kyrkja ikkje gir klare svar, og dei fromme fordi kyrkja, i den grad ho gir svar, gir svar som står i motsetnad  til det Bibelen lærer og som har vore kyrkjeleg tradisjon i nesten 2000 år.