Kronikk i Sunnmørsposten 24. januar.
Straumprisane i Sør-Noreg har vore ekstremt
høge i det siste. Det har mellom anna vorte forklart ved at det har vore lite
vatn i magasina, og at ein til trass for det har seld store mengder kraft til
utlandet, der betalingsviljen for rein, fornybar straum har vore stor. Ei anna
viktig årsak ligg truleg i den energipolitikken som norsk politikk og våre
viktigaste samarbeidspartnarar styrer etter. Tyskland er Noregs nest viktigaste
handelspartnar, og i kraft av det er det rimeleg å anta at deira energipolitikk
påverkar også norsk energipolitikk og norske straumprisar. La oss sjå nærare på
dette.
Då industriutviklinga tok til i Tyskland
på slutten av 1800-talet var den grunnleggande føresetnaden for denne dei store
og lett tilgjengelege kolforekomstane heilt vest i landet. Dette var også
grunnlaget for at Tyskland etter kvart utvikla seg til å bli det største og
viktigaste industrilandet i Europa. Framleis vert kol til ein viss grad nytta,
og i det siste har ein til og med auka produksjonen noko. Men det er meininga
at kolbasert energi etter kvart skal fasast ut av bruk. Sist haust vart det
danna ei ny regjering i Tyskland, og i regjeringserklæringa står det at all
bruk av kol "ideelt sett" skal vere avslutta i 2030. Då skal 80
prosent av Tysklands energiforbruk vere fornybar. Når ein i denne samanhengen
brukar uttrykket "ideelt sett", er det truleg fordi ein innser at det
er urealistisk, sett i lys av den generelle energisituasjonen i Europa, som
slett ikkje er god.
I 1962 vart det første atomkraftverket (AKV)
i Tyskland sett i drift, og i åra etter vart ei mengd andre også bygde. På det
meste var det til saman 17. I 1986 skjedde det ei alvorleg ulukke i eit
sovjetisk AKV i Tsjernobyl i Sovjetunionen. Dette ga grunnlag for alvorleg uro,
frykt og organisert motstand mot atomkraft både i og utanfor det politiske
miljøet.
I 2011 fekk vi ei ny alvorleg ulykke i eit
AKV, denne gongen i Fukushima i Japan. Det førte til at Forbundsdagen, det
tyske parlamentet, med stort fleirtal lovfesta å avvikle alle atomkraftverk i
landet. I åra etter har det eine AKV etter det andre vorte teke ut av drift,
slik at det i 2021 berre var seks igjen. Tre av desse vart stengde for godt i
desember, og dei tre siste får kroken på døra i løpet av dette året. I 2021, då
det framleis var seks AKV i drift, sto desse for 14 prosent av all tysk energiproduksjon.
På det meste, for tretti år sidan, utgjorde kjerneenergi nesten ein tredjedel
av det samla tyske energiforbruket.
I tysk politikk er det eit sentralt mål at
ein skal satse sterkare på fornybar energi, som i realiteten inneber vindkraft.
I dag utgjer denne energiformen ca halvparten av energiproduksjonen i landet. For
å kompensere for bortfallet av dei ovanfor nemnde seks kraftverka, må det i
løpet av det komande året byggast 1000 nye vindkraftverk. Men det finst vel
knapt nokon som trur at det kan vere realistisk, for det har begynt å vekse fram
ein sterk motstand mot nye vindkraftverk, og argumenta er om lag dei same som
vert brukte her i landet.
Men det er grenser for i kor stor grad ein
kan basere seg på vindkraft, for slik energi får ein berre når vinden bles, og
det gjer han ikkje alltid. Derfor må ein i tillegg ha energikjelder som
fungerer også når det er vindstilt, "balansekraft". Til no har det
vore kol-, gass- og atomkraft, men som vi har sett ovanfor vert det slutt med
atomkraft i år, og med kolkraft i 2030, og då er det berre gasskraft igjen som
kan gi straum når det er vindstilt – dersom ein då ser bort frå import av norsk
vasskraft og atomkraft frå andre land.
Halvparten av gassen som vert brent i
Europa og vert til straum kjem frå Russland gjennom røyrleidningar som går
gjennom Ukraina og Polen. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor vert det behov
for å importere endå meir gass frå Russland. Derfor har det vorte lagt ei ny
gassrøyrleidning derifrå gjennom Østersjøen til Tyskland, North Stream 2, som
vil doble den russiske eksportkapasiteten, men som enno ikkje er sett i drift.
Som straff for at Russland har innlemma
Krim i Russland, støttar opprørarane i Aust-Ukraina og har store troppestyrkar
ved den ukrainske grensa, meiner mange tyske politikarar at kranane på North
Stream 2-leidninga ikkje bør opnast. Dette synet står aller sterkast i partiet
"Die Grünen", som er eitt av dei tre regjeringspartia, og som har
både ministeren for næringsliv og klimavern, miljøministeren og utanriksministeren.
Russlands reaksjon på dette er at dei har redusert gassleveransane gjennom dei
eksisterande leidningane, noko som har medverka til den sterke prisauken på
gass. Det ser ut som om straffa rammar straffaren hardare enn
"syndaren"
I det siste har tysk energipolitikk fått
ein ny dimensjon. EU-kommisjonen har i lengre tid arbeidt med å klassifisere
dei ulike energiformene etter berekraft, og dei har lagt fram eit forslag som
seinare skal vedtakast som lov av europaparlamentet. Forslaget inneber mellom
anna at gass- og atomkraft skal klassifiserast som "berekraftig",
"grøn energi". Dette har skapt sterke reaksjonar i det tyske
politiske miljøet, for der er dei fleste prinsipielle motstandarar av
"grønvasking" av desse energiformene. Men dei har ikkje noko godt
svar på kvar straumen skal kome frå når vinden ikkje bles. Derfor vil dei
truleg bryte sine eigne prinsipielle standpunkt og langt inn i framtida brenne
både kol og gass for å skaffe nok energi for drifta av samfunnet.
Slik ser vi at dei energipolitiske
avgjerdene om å stenge dei tyske atomkraftverka, og å føre ein politikk overfor
Russland som har som konsekvens at ein ikkje får kjøpt tilstrekkelege mengder
gass, har skapt eit energiunderskot med følgjande sterk prisauke i den opne nordeuropeiske
kraftmarknaden. Under frie marknadstilhøve er det først og fremst høvet mellom
tilbod og etterspurnad som bestemmer prisen, og slik er det også på
energimarknaden. Ei av årsakene til dei skyhøge straumprisane vi har hatt i
Sør-Noreg i det siste kan såleis tilskrivast den tyske energipolitikken.