fredag 16. april 2021

Tillit

 Artikkel under 'Synspunkt' i Nyss 16. april

Det vert ofte nemnt som eit særtrekk ved det norske samfunnet at det er tillitsfulle relasjonar mellom innbyggarane. I ei internasjonal undersøking for nokre år sidan undersøkte ein dette. Representative utval av befolkninga i 86 land vart bedne om å ta stilling til påstanden ”ein kan ha tillit til dei fleste”. Noreg, Danmark, Sverige og Finland kom på dei fire første plassane med omsyn til kor sterk tilslutninga til denne påstanden var. Om lag 60 prosent av befolkninga i dei skandinaviske landa ga si tilslutning til påstanden. Den tilsvarande prosenten for Brasil, Filipinane og Tyrkia var på ca 10.

Tillit gjer at samhandlinga mellom menneska i samfunnet kan ha eit uformelt og smidig preg. Det er eit smørjemiddel for sosiale relasjonar. Mellommenneskeleg tillit rettar seg gjerne også mot det politiske systemet. Slik sett kan tillit vere eit fundament for politisk og økonomisk styring.

Forsking viser at ein person sitt tillitsnivå er forholdsvis stabilt heile livet, og at dette i stor grad er "arveleg". Ein har studert tillitsnivået mellom ulike subnasjonalitetar i USA, og har funne dette: Innvandrarar frå land med høg grad av generell tillit held fram med å vere tillitsfulle også etter at dei har etablert seg i det nye landet, og etterkomarane deira held fram med å vere tillitsfulle i fleire generasjonar. Emigrantar i USA frå dei nordiske landa og etterkomarane deira er dei mest tillitsfulle av alle innvandrargrupper. Dei minst tillitsfulle og etterkomarane deira er immigrantar frå afrikanske land, som ligg lengst nede på tillitsskalaen.

Det høge tillitsnivået i dei skandinaviske landa har si viktigaste årsak i at det, samanlikna med andre land, har vore lite krig og ufred her, og at dei sosiale og økonomiske motsetningane her har vore svake. Dei skandinaviske landa  har også vore svært homogene kulturelt sett, iallfall til for 30 – 40 år sidan, og det har trukke i same retning.

Men det høge tillitsnivået i Skandinavia har ikkje berre historiske årsaker. Desse landa sin velferds- og sosialpolitikk har også bidratt til dette. Her omfattar velferdsytingane ein større del av befolkninga enn i andre land, og dei er meir generøse. Ikkje berre dei som har dårleg råd får sosiale ytingar og trygd, men også dei som strengt tatt kunne klart seg utan. Den rike og den fattige får det same i barnetrygd, og folketrygda omfattar alle som bur i landet, rike og fattige, og ikkje berre norske statsborgarar. Dette vert kalla "universelle ytingar". Motsatsen er "behovsprøvde ytingar".

I land der universelle ytingar er utbreidde vert dei rike hardare skattlagt enn dei fattige, utan at dei førstnemnde føler seg sette utanfor. Dei aksepterer det, for også dei får noko igjen. Fordi universelle ordningar er baserte på rutinar som sikrar likebehandling, gir dei grunnlag for forståingar om at alle har like mulegheiter. Universelle ordningar fremmar slik sett tillitsfulle relasjonar, som i sin tur gir grunnlag for ein effektiv trygde- og velferdspolitikk. I samfunn der det sosiale og politiske miljøet er prega av mistru og mistillit vil det både mellom folk flest og politikarane vere svak motivasjon for, og liten vilje til å etablere universelle velferds- og trygdeordningar. 

Då eg begynte å studere i Oslo på slutten av 60-talet var eg ofte på besøk hos ein studiekamerat som budde på Sogn studentby. I peisestua der, som sto open og ulåst for alle bebuarane og besøkande, var alle veggane dekka av originalbilete av Edvard Munch. Å stille ut så verdfull kunst, tilgjengeleg for alle, heilt usikra, ville sjølvsagt ha vore utenkeleg i dag. For meg framstår dette som ein illustrasjon på utviklinga i landet vårt dei siste 50 åra. Tillitsforholda har vorte svekka. Den viktigaste årsaka til det ligg nok i at Noreg har blitt eit opnare land. Vi reiser meir, og vi har fått mange nye landsmenn som kjem frå kulturar med heilt andre verdisystem og normer enn det vi tradisjonelt har hatt. Det har hatt sine positive sider, men dei negative sidene ved denne utviklinga er også tydelege.