lørdag 9. januar 2016

Vert alt verre og verre?

Denne artikkelen sto som kronikk i Sunnmørsposten den 9. januar.
Massemedia, inkludert Sunnmørsposten, er til stadig opptatt med å fortelje oss at det ikkje står så bra til i Norge og i verda. Vi har fått masseinnvandring av muslimar som er analfabetar og som legg seg inn både i gymnastikksalar og kyrkjer. Det er hungerskatastrofe i Eritrea og Etiopia, terrorisme i Paris, krig i Syria og i Irak og i mange andre land, og IS herjar og drep for fote. Mange av oss er skremt av dette og ser med djup pessimisme på framtida. Men det finst også gode grunnar til å vere optimist. Det er temaet for denne kronikken.
I år 1900 kunne berre kvart femte vaksne menneske i verda lese. I dag er dette snudd om. Det er berre ein av fem som ikkje kan lese. I alle land, med unntak av nokre afrikanske land og Afganistan, er det no over halvparten av befolkninga som kan å lese. I mange land i verda er analfabetismen mellom eldre meir utbreidd enn mellom yngre. Dette inneber at den positive utviklinga vil halde fram etter kvart som dei unge vert eldre.

Rundt 1980 levde 44 prosent av verdas befolkning i fattigdom. I dag er det 10 prosent. Tal frå Verdsbanken viser at det absolutte talet på fattige i verda har vorte halvert sidan 1990. Og det er ein klar samanhang mellom velstandsnivå, målt med brutto nasjonalprodukt pr innbyggar, og opplevd livskvalitet. Den gjennomsnittlege livskvaliteten i verda har altså blitt klart forbetra.

I 1846 var forventa levetid for kvinner i Norge 50 år, og for menn 48. I dag er den på 84 for kvinner og 80 for menn. I England har den forventa levealderen vorte fordobla dei siste 200 åra. Liknande tal finn ein for dei fleste av landa Europa. Med noko forseinking har det same skjedd i mange andre land i verda.

I verdssamanhang har helsetilstanden vorte dramatisk betra, og helseforbetringane har vore størst i fattige land. I globalt perspektiv har det altså vorte større likskap når det gjeld folks helse.

Dei siste 30 åra har det også gradvis blitt større økonomisk likskap mellom verdas land, og denne utviklinga held fram. Dei fattige landa har langt sterkare økonomisk vekst enn dei velståande.

Steven Pinker dokumenterer i boka  "The Better Angels of Our Nature: Why Violence Has Declined" at det aldri før har vore så fredeleg på jorda som det er no. I alle europeiske land har drapsratene falle dramatisk i løpet av dei siste hundreåra, og har ligge på eit jamnt lavt nivå dei siste 50 åra. Men drapsratene er noko høgare i Aust- enn i Vesteuropa. Dei siste ti åra har vore dei mest fredelege etter siste verdskrigen, rekna i talet på drepne.

Når det gjeld styringssett har demokrati blitt meir og meir vanleg. Fleire statar har vorte demokratiske, og medan det for hundre år sidan berre var nokre få prosent av menneska på jorda som levde under demokratiske regime, er det no over halvparten.  

På denne måten kunne vi halde fram ei god stund til, for nesten uansett kva dimensjon vi ser på og som kan seie noko om Norges og verdas situasjon, viser det seg at det ikkje har vorte verre eller vanskelegare å vere menneske, men betre og lettare.

Når verdssituasjonen er så pass god som eg har dokumentert ovanfor, kvifor er då pessimismen så utbreidd?  Eg trur forklaringa er enkel. Massemedia er sterkt fokusert på katastrofer, negative hendingar og og kortvarige utviklingstrekk. Positive og meir langsiktige trendar er lite interessante, og det same er dei mange små nyhenda rundt oss i dagleglivet. "Berre negative nyhende er verkelege nyhende" ser ut til å vere massemedias leiande motto. Slik sett er det ikkje underleg at dei som har best utdanning og les mest aviser er dei same som er mest pessimistiske med tanke på utviklinga og framtidsutsiktene for verda.

Dei som har kompetanse til å kunne opplyse oss om verdas sanne tilstand, nemleg forskarane, er stort sett ikkje interesserte i å korrigere massemedias skeive bilete av situasjonen. I den grad dei har slike interesser skriv dei gjerne i publikasjonar som berre eit lite antal av deira kollegaer les. Å skrive artiklar som har lekfolk som målgruppe, til dømes på kronikkplass i Sunnmørsposten, gir dårleg løft på karrierestigen og låg status blant kollegaer. Heldigvis  finst det unntak. I denne samanhangen det to personar som må nemnast.

Hans Rosling er ein svensk lege og forskar som har utvikla nye og effektive presentasjonsmåtar for kompliserte saksforhold. Fleire av presentasjonane hans er lagde ut på Youtube, og BBC har laga ein film der Rosling presenterer nokre av sine viktigaste og mest interessante poeng. Filmen ligg her: http://www.gapminder.org/videos/dont-panic-the-facts-about-population/. I denne videoen tek han eit grundig oppgjer med den skeive framstillinga av verdssituasjonen som massemedia formidlar: https://www.youtube.com/watch?v=bcpjl0mxRvs.

Max Roser er ein tysk økonom som for tida er forskar i Oxford. Roser har delvis arbeidt saman med Rosling, og er oppteken av liknande problemstillingar.

Roser har arbeidt mykje med å samle inn og gjere tilgjengeleg informasjon som samla sett kan gi oss innsikt i verdas utvikling. På nettstden "Our World in Data" legg han ut denne informasjonen, og han visualiserer dette ved hjelp av enkle grafiske framstillingar.

Max Roser si oppsummering av verdssituasjonen er slik: "Det er ingen grunn til å vere sjølvtilfreds, men verda utviklar seg i rett retning, for inntektene aukar i alle verdsdelar, fattigdomen avtar snøgt, og det er dei fattigaste landa som har den sterkaste veksten." Som vi har sett så har han godt grunnlag for å meine det. Men det inneber sjølvsagt ikkje at ein skal la vere å arbeide med forbetre situasjonen for dei mange millionane i verda som framleis lever i usle kår og som lever i eller flyktar frå krigsområda.