fredag 4. februar 2022

Gutar vert diskriminerte. Kvifor?

 Synspunktartikkel i Nyss 4. februar.

Gutar får dårlegare karakterar enn jenter i alle fag i grunnskulen, bortsett frå kroppsøving. Ved avslutta grunnskule har gutane 39,2 og jentene 43,7 grunnskulepoeng. Omsett til karakterskalaen (1-6) tilsvarer dette ein halv karakter. Noko av det same er tilfellet på vidaregåande skule. Der har ein i tillegg også eit stort fråfallsproblem, og det er størst mellom gutane.

Dei siste åra har det vorte forska ein del på kva som kan vere årsakene til dette. Det har vorte hevda at feminiseringa av samfunnet generelt, og av skuleverket spesielt, har skulda. Kvinner er i stort fleirtal i skuleverket og dei har ein tendens til å belønne feminine haldningar og åtferdsmønster blant elevane.

Det har vore vanskeleg å stadfeste dette, for også mannlege lærarar gir jenter jamt over betre karakterar enn gutar. Truleg er omstenda rundt karaktergivinga ei viktigare årsak, for i eksamenssituasjonar der elevane er anonyme er det mindre skilnad på jenters og gutars karakterar enn når elevane vert vurderte av sin eigen lærar.

Mange meiner at klasseromsåtferda kan forklare mykje. Gutane er ofte noko urolege, medan jentene er meir disiplinerte og pliktoppfyllande, og dette påverkar, umedvite, karaktergjevinga. Skulens normer for god åtferd favoriserer jenter. Professor Thomas Nordahl ved Høgskolen i Innlandet seier rett ut at gutane vert diskriminerte i skulen i dag. "De som vinner er elever som tilpasser seg forventningene fra skolen på en god måte. De som taper er elever som utfordrer læreren, og det er flere gutter i den siste kategorien", seier han.

Gutane sine prestasjonar på vidaregåande skule er like svake som i grunnskulen, og dette  gjer at dei har problem i kampen om dei ettertrakta studieplassane. Då likestillingslova vart vedteken i 1978 var 41 prosent av studentane ved universiteta og høgskulane kvinner og 59 prosent menn. No er dette snudd heilt om: 59 prosent kvinner og 41 prosent menn. Til trass for at det er ein klar overvekt av kvinner i dei fleste universitets- og høgskulestudia, og at jentene i gjennomsnitt går ut av vidaregåande skule med betre karakterar enn gutane, var det i fjor 113 studier som ga jenter ekstra kjønnspoeng ved opptak, men berre 10 som ga gutar slike poeng.

Stoltenbergutvalet, ei ekspertgruppe som skulle greie ut om årsakene til at gutar og jenter har så ulike skuleprestasjonar, og som avga innstillinga si i 2017, konkluderte mellom anna med at "kjønnsforskjellene (...) er betydelige og får konsekvenser for videre utdanning, arbeid, helse og familiesituasjon senere i livet". I utvalet si innstilling står det at ein ikkje veit kvifor det er slik, fordi "dette ikke har vært et hovedfokus i forskningslitteraturen."

At gutane kjem dårlegare ut enn jentene med omsyn til skuleprestasjonar har konsekvensar for yrkesval og tilpasning til arbeidslivet. Arbeidsløysa er til ei kvar tid større blant menn enn kvinner. Det har mellom anna si årsak i at 70 prosent av dei tilsette i det offentlege er kvinner, og dei offentlege arbeidsplassane er sikrare enn dei private, for kommunar går ikkje konkurs, og offentlege tilsette vert ikkje sagde opp når etaten har økonomiske problem.  Mennene har også det farlegaste arbeidet. I 2020 vart 11453 menn og 8627 kvinner utsette for arbeidsulykker. Dei siste åra har mellom 30 og 40 menneske døydd i arbeidsulykker årleg, og nesten alle har vore menn. Det er i privat sektor ein har dei farlegaste arbeidsplassane, og det er der fleirtalet av mennene er.

I Likestillingslovas føremålsparagraf står det at "Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn." Seinare, i same paragraf, står det at "Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling." Desse to føremåla står i motsetnad til kvarandre. Eitt av dei kan ikkje realiserast utan å gå på bekostning av det andre. Det er den sistnemnde delen av føremålsparagrafen som er det styrande prinsippet for norsk skulepolitikk. Gutar vert diskriminerte, og slik skal det tydeligvis vere.