onsdag 31. august 2022

Regler for livet

 Synspunktartikkel i Nyss, 26. august

I 2018 vart det gitt ut ei bok i Canada med tittelen 12 rules for life. Same året kom boka ut på norsk under tittelen 12 regler for livet. Boka har til no vorte seld i meir enn fem millionar eksemplar på verdsbasis. Forfattaren var Jordan B. Peterson. Han er født i 1962, har vore professor i psykologi og er også klinisk psykolog.

Til trass for sin suksess med den nemnde boka er det likevel gjennom sosiale media Peterson har vorte mest kjend. På Youtube ligg det mange forelesningar, foredrag og intervju med han, og der har han no 5 millionar følgarar. Eit intervju med Peterson på Youtube har vorte sett over 38 millionar gonger. Mange av dei andre  youtube-innlegga hans har nådd liknande visningstal. The New York Times har omtalt Jordan Peterson som "Den mest innflytelsesrike intellektuelle tenkeren i den vestlige verden akkurat nå."

Petersen har vore to gonger i Oslo, første gong hausten 2018. For eit fullsett Oslo konserthus, der billettane vart selde ut i løpet av ein time, snakka han om dei temaene han tok opp i 12 regler for livet. Den 6. juni i år var han igjen på besøk i Oslo der han talte for 10000 menneske i eit nesten fullsett Oslo Spektrum, og der han heldt foredrag og svarte på spørsmål om den siste boka si, Mer enn bare orden.

Ein kan forstå 12 regler for livet som ei sjølvhjelpsbok for dei som ynskjer å få orden på livet sitt, og svært mange har brukt boka nettopp på den måten. Petersons reglar er på ingen måte nye. Vi har vel alle høyrt at vi bør rette oss opp i ryggen, verdsette dei små gledene i livet og tale sant? Å seie noko slikt gjer sjeldan inntrykk på tilhøyrarane, men når Peterson skriv om dette får det likevel meining og tyngde. Det har først og fremst si årsak i dei grunngjevingane han legg bak råda sine, og dei refleksjonane som ligg under. Framstillingane har omstendelege refleksjonar inn i fagfelt som historie, religionsvitenskap, biologi og statsvitenskap. Såleis er 12 regler for livet ei utypisk sjølvhjelpsbok.

Petersons meiner at vi dei siste femti åra har brukt altfor mykje energi på å krevje våre rettar og at vi har lagt for lite vekt på å yte og gjere vårt beste for fellesskapet. Han meiner også at mange av dei verdiane og normene som har vore basis og sentrale element i vår kultur er i ferd med å verte svekka og bli borte, og han beklager det.

Petersons suksess kan ikkje forståast berre ut frå innhaldet i det han formidlar, for måten han gjer det på er nesten like viktig. Han har ei heilt spesiell kontakt- og tillitsskapande evne som gjer at folk får tiltru til bodskapen hans. Han tar unge menneske sine livsproblem og vanskar på alvor, men held fast på at ein sjølv kan gjere noko med det, og han legg stor vekt på å stimulere unge til å ta ansvar for sin eigen situasjon. "Dine beste hjelpende hender er dine egne", skriv han ein stad. Han har svak tiltru til kollektive løysingar på individuelle problem og utfordringar. Hans løysing ligg meir i at vi kvar for oss gjer vårt beste, for oss sjølve og for andre.

Den sterke posisjonen Peterson har fått som meiningsdannar er truleg uttrykk for noko nytt når det gjeld massekommunikasjon. Den 60 år lange perioden vi no har bak oss, der tv-selskapa og den liberale eliten var dei suverene premissleverandørane for kunnskap og underholdning til ‘folk flest’ går no mot slutten. Sosiale medier har erobra store deler av den marknaden som tv-selskapa hadde før. Det har ført til ei demokratisering av det offentlege rommet og gitt fleire enn før tilgang til fordjuping og innsikt.

Ved eitt høve, like etter at han hadde kome seg til hektene igjen etter alvorleg sjukdom, vart Peterson spurd om kva for ein av reglane hans han sjølv synest har vore vanskelegast å etterleve. Han svara: "Vær takknemlig til tross for lidelsen."" da den konstant minner meg på alt jeg har å være takknemlig for, og slik har hjulpet meg med å unngå den verste fortvilelsen og dypeste, mest smertefulle angsten." Kanskje kan dette vere ei nyttig påminning for oss alle. Vi har mykje å vere takksame for.