fredag 10. desember 2021

Kyrkja og klimaet

 Artikkel under 'synspunkt' i Nyss 10. desember.

Det øverste organet i Den norske kyrkja (DNK), kyrkjemøtet, vart halde 11. – 16. november. Ei sak som dei 116 representantane på møtet handsama har vakt langt større merksemd enn dei andre, også utanfor kyrkjelege kretsar, nemleg kampen mot klimaendringane, og det vart fatta vedtak om dette. Eitt av strekpunkta i vedtaket uttrykte at kyrkja vil påverke politikken på dette området ved å be den norske regjeringa om å lytte til tilrådinga i Det internasjonale energibyrået (IEA) sin rapport "NetZero by 2050 A Roadmap for the Global Energy Sector", om å stanse leiteaktiviteten etter olje og gass på norsk sokkel.

Reint formelt inneber vedtaket at ein ber regjeringa om å "lytte", men alle som hadde ordet til denne saka ga uttrykk for at dei forstod at avstemminga galdt langt meir enn berre å lytte, at det ein skulle røyste over var om ein var for eller imot fortsatt olje- og gassleiting på norsk sokkel. Svært mange har reagert med kritikk mot vedtaket. I veka etter kyrkjemøtet, 17.11 – 23.11, tok  1700 DNK-medlemer konsekvensen av det ved å melde seg ut.

Ikkje uventa kom den skarpaste kritikken frå Fremskrittspartiet. Sylvi Listhaug meinte at det å legge ned norsk oljenæring kunne føre til auka utslepp globalt, utflagging av arbeidsplassar, og gjere Noreg til eit fattigare land. Stortingsrepresentant Sveinung Stensland for Høgre meinte at det ikkje finst haldepunkt i Bibelen for vedtaket, og åtvara mot følgjene vedtaket kunne få for kyrkjas oppslutnad. Andre understreka at kyrkja må legge vekt på å inkludere alle uavhengig av kva politiske parti dei røyster på, og sørge for at dei kan føle seg heime i kyrkja, for kyrkja bør vere eit trusfellesskap og ikkje ein partipolitisk meiningsfellesskap. I den samanhengen vart det nemnt at SV, Rødt, MDG og Venstre har programformuleringar som uttrykker det same som kyrkjemøtet sitt vedtak. Ingen av dei andre stortingspartia, dvs Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti, som utgjer 136 av Stortingets 169 mandatar, går inn for leitestans.

Parisavtalen om klimaet, som vart vedtatt i 2015, og konkretiseringane av han på klimamøtet i Glasgow no i haust, har som målsetting at ein i 2050 skal ha sett i verk tiltak slik at ein då avgrensar temperaturstigninga på jorda til 1,5 grader. Den rapporten som er nemnd i kyrkjemøtet sitt vedtak skisserer ein modell for korleis ein kan få til det, men det stemmer ikkje at denne rapporten "anbefaler å stanse ytterligere leteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel", slik som påstått i vedtaket. Rapporten nemner ikkje norsk sokkel med eit einaste ord. Han seier at modellen som rapporten bygger på ikkje tilseier at det på verdsbasis vil vere behov for investeringar i meir olje- og gassleiting, og det er noko heilt anna. Det er ikkje ei anbefaling. ("There is no need for investment in new fossil fuel supply in our net zero pathway. Beyond projects already committed as of 2021, there are no new oil and gas fields approved for development in our pathway, and no new coal mines or mine extensions are required.") ("Net zero pathway" = Betegnelsen på den modellen som rapporten baserer seg på.)

Den nemnde IEA-rapporten inneheld altså ikkje noko slik tilråding som vedtaket påstår, og få seriøse og ansvarlege politikarar meiner at ein med det første bør slutte å nytte gass som energikjelde. Grunnen til det har med energisituasjonen i Europa å gjere. Med unntak av Frankrike er no dei fleste andre landa i Europa som har basert seg på kjernekraft i ferd med å avvikle atomkraftverka sine, og dei satsar på utbygging av vind- og solkraft. Men vinden bles ikkje alltid, og sola er i store deler av året bak skyene. Derfor er det behov for andre og meir stabile energiformer i tillegg (balansekraft). No, og i mange tiår framover er det berre naturgass som kan vere eit realistisk alternativ i så måte. Men om nokre tiår, når tanken om thoriumatomkraft har modna i tilstrekkeleg grad, kan det tenkast at gass ikkje lenger er ei interessant energikjelde. Men inntil vidare er gass løysinga, ikkje problemet.