fredag 18. juni 2021

Kven konkurrerer du med?

Artikkel i Nyss, 18. juni

I samfunnet vårt er det ein sterk tendens til ansvarsfråskriving. Dersom ein mislukkast med noko, eller har ein sjukdom som er vanskeleg å kurere, eller ikkje har det så greitt, er det andre som har skulda. Og dersom ein ikkje finn nokon å skulde på, så er det kommunen eller staten som har forsømt seg på ein eller annan måte. Så kan ein søke om erstatning, og svært ofte får ein det. Mange har erfart at det kan vere svært lønsamt å spele rolla som offer.

Ein tydeleg parallell til dette er krenkelseshysteriet. Den eine etter den andre står fram i massemedia og fortel at han eller ho har vorte krenka, og at krenkaren har skulda. Men å verte krenka er først og fremst ei oppleving eller kjensle, og det er opp til oss sjølve å velje korleis vi skal forhalde oss til det. I det lange løp skadar vi oss sjølve dersom vi ukritisk og ureflektert legg skulda på andre for dei krenkingane vi opplever. Vi må sjølve ta ansvar for våre kjensler.

Mange av oss erkjenner at vi er ufullkomne og at det er trekk ved vår personlegdom vi mislikar. Med det som utgangspunkt er det også mange som aktivt arbeider for å utvikle sin personlegdom i positiv retning, få kontroll med dei negative sidene ved åtferdsmønsteret sitt, og utvikle sine positive personlege eigenskaper. Og dette må kvar einskild av oss sjølve gjere. Det er mitt og ingen andre sitt ansvar. Dei beste hjelpande hendene er mine eigne.

Men: Dette er berre halve sanninga. Dersom det var heilt sant at det berre er eg som kan gjere meg til eit betre menneske, heilt åleine, uavhengig av andre, då ville det jo ikkje vere bruk for vener og sosiale miljø. Poenget er at vi menneske er sosiale vesen, noko som inneber at vi er avhengig av andre si støtte og rettleiing for vekst og personleg utvikling. For mange av oss vil det vere å strekke seg etter dei ideala som er nedfelt i vår kristne kulturarv.

For nokre år sidan kom det ut ei bok av ein kanadisk psykolog som heiter Jordan Peterson, ’12 regler for livet’. Som tittelen antyder er dette ei bok som gir råd om korleis ein kan utvikle sin personlegdom og få det betre med seg sjølv og dei ein er saman med. Eitt av råda i denne boka: ‘Sammenlign deg med den du var i går, ikke med det en annen er i dag.’

Ein av mine beste vener, som er pensjonist og som har ølmage til trass for at han er avholdsmann, begynte å trene på treningsstudio for nokre år sidan. Heile tida har han nytta seg av eitt spesielt treningsapparat. Den første tida var han temmeleg frustrert over at kvar gong han kom til maskina så var ho innstilt på mykje tyngre vekt enn han kunne klare, og det var heilt klart ein indikasjon på at dei andre som brukte dette apparatet var sterkare enn han. Derfor tok han til å trene veldig hardt for å ta igjen dei andre. Men det var ikkje noko hjelp i det, for dei andre løfta framleis 20 kg meir enn han etter tre års knallhard trening, og årsaka til det var sjølvsagt at dei andre også trente og vart sterkare.

For nokre dagar sidan møtte eg kameraten min på Mega. Han var i strålande humør, for aktiviteten på treningssenteret hadde begynt å gi effekt. Han sa: ‘Eg har tenkt meg ein del om. Eg bryr meg ikkje lenger om dei andre. Eg har begynt å samanlikne meg med den eg var tidlegare, og no merkar eg framgang.’ Kameraten min er framleis fråhaldsmann, og ølmagen hans har blitt litt mindre.

Forfattaren Olav H. Hauge har gjort seg dei same tankane, i diktet som heiter - 

Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.

Du veit du ikkje kan fylgja han,

men du legg i veg

og brukar all di kraft

og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg –

glid ifrå deg, glid ifrå deg –

Snart er han heile runden fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.

Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,

kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eiga takt

og kappestrid med deg sjølv.

Meir kan ingen gjera.

(Frå ‘Dropar i austavind’, 1966)

Lærdom: Ikkje spør deg sjølv om du er eit dårlegare eller betre menneske enn dei andre, men dette: ‘Er eg eit betre menneske i dag enn eg var før?’ Dersom svaret er ‘nei’ bør du skjerpe deg!