torsdag 6. oktober 2022

Regjeringa sitt mannsutval – eit feministisk prosjekt?

 Synspunktartikkel i Nyss, 7. oktober.

I slutten av august vart det sett ned ein komite som skal ha til oppgåve å greie ut om menns og gutars likestillingsutfordringar, og kome med forslag om korleis desse kan møtast. Utvalet har fått eit svært breidt mandat. Så og seie alle moglege problematiske sider ved livet for alle menn i alle aldersgrupper, etniske identitetar og seksuelle preferansar skal analyserast.

Til å begynne med var det meininga at utvalet skulle vere samansett av berre menn, men dette vart endra. Seks kvinner er no med i utvalet, ein er transperson og ti er menn. Skal tru korleis reaksjonane ville ha vore ved ein tilsvarande representasjon av menn i eit kvinneutval?

Sjølvmord og gutars problem i utdanningssystemet vil truleg kome til å vere to av dei problemområda som utvalet kjem til å arbeide mest med.

Sjølvmord. I 2021 tok 658 nordmenn sitt eige liv. 73 prosent av desse var menn. Årsakene til sjølvmord kan vere samansette og vanskelege å finne ut av, men har som regel si årsak i rusmisbruk og livskriser. Når menn er så sterkt overrepresenterte på sjølvmordsstatistikken kan det ha samanheng med nettopp dette, for rusmisbruk er meir vanleg mellom menn enn kvinner. Men grunnproblemet ligg truleg djupare. Dei krava og forventningane som vert retta mot gutar og menn – og som dei også rettar mot seg sjølve – er tunge å møte for mange, så tunge at ikkje alle maktar å bere dei.

Utdanning. Gutane slit i utdanningssystemet, heile vegen frå første klasse til universitets- og høgskulesystemet. Gutar får dårlegare karakterar enn jenter i alle fag, bortsett frå kroppsøving. Åtferda i klasseromet er noko av forklaringa. Gutar er ofte urolege, medan jentene er meir disiplinerte, og dette påverkar, umedvite, karaktergjevinga. På universiteta og høgskulane er over 60 prosent av studentane kvinner. Noko av årsaka til dette er at kvinner får "kjønnspoeng" ved opptak i ti gonger så mange fag som gutar.

Mange av dei utfordringane som gutar møter har samanheng med den sterke normdannande innflytelsen som feministisk ideologi har hatt dei siste 50 åra, og framleis har. Når jenter og kvinner får beskjed om å skjerpe seg, inneber det at dei bør bli flinkare til å hevde sine rettar, og vere stolte av seg sjølve. Når gutar får den same beskjeden handler det om at dei må bli snillare. Problemet med menn er at dei er for lite kvinnelege.

Sist sommar, då mannsutvalet var under planlegging, vart kultur- og likestillingsministeren, Anette Trettebergstuen, intervjua av Morgenbladet. Der sa ho mellom anna at innhaldet i mannsrolla ville stå sentralt i arbeidet til utvalet, og at alle menn bør vere feministar. Så sterke signal vil nokså sikkert kome til å avspegle seg i konklusjonane til utvalet. Rapporten vil truleg mellom anna kome til å hevde at mannsrolla er for trang, at mennene må ta seg saman og at dei i større grad bør søke seg til typiske kvinneyrke. Kort sagt: Det feministiske perspektivet vil danne bakteppet for utvalet sine konklusjonar.

I Likestillinglovas føremålsparagraf står det at "Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn." I same paragraf, står det: "Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling." Desse to føremåla står i motsetnad til kvarandre, for eitt av dei kan ikkje realiserast utan å gå på bekostning av det andre. Dersom til dømes undervisningsystemet i større grad hadde blitt tilpassa gutars behov, ville det gått på bekostning av jenters behov, og dersom gutar hadde fått ekstra kjønnspoeng i like mange studier som jentene har i dag, ville det ha ført til at jenters tilgang til desse studia hadde blitt reduserte. Dersom regjeringa meiner alvor med likestillingspolitikken sin kunne ein endre lova slik at ho vart kjønnsnøytral, slik dei tilsvarande lovene er i dei andre nordiske landa. Men det kjem ikkje det til å skje, for likestillingsministeren har klart og tydeleg sagt at det vil ho ikkje.

Feminisme er ikkje løysinga på menns problem. Feminisme er problemet.