fredag 5. februar 2021

Meininga med livet

 Innlegg under 'Synspunkt' i Nyss, 5. februar

‘Ein er sterk så lenge ein står for ein sterk idé.’ Sigmund Freud

Viktor E. Frankl var ein austerriksk lege og psykiater. Han var født i 1905 og døydde i 1997. Han studerte medisin ved universitetet i Wien, og spesialiserte seg innanfor psykiatri. Han var mest oppteken av å studere årsakene til depresjon og sjølvmord, og han tok til å utvikle behandlingsmetodar mot dette.

Då nazistane kom til makta i Austerrike i 1938, fekk Frankl forbod mot å behandle ‘ariske’ pasientar fordi han var jøde. Han søkte om visum til USA og fekk det. Kort tid etterpå la nazistane synagoga i Wien i grus. Far til Frankl tok med seg heim ein liten marmorbit  frå ruinane. På den sto det hebraiske teiknet for det fjerde bodet (‘Du skal heidre far din og mor di.’). Frankl tolka dette som ein bodskap om at han skulle ta seg av foreldra sine, så han reiste ikkje til USA.

Hausten 1942 vart Frankl og kona hans, som han vart gift med i 1941, deportert til konsentrasjonsleiren Theresienstadt, og seinare til Dachau. Kona hans døydde i Bergen-Belsen. Begge foreldra til Frankl og bror hans leid same lagnad. Den einaste av Frankl sine næraste slektningar som overlevde nazistane sin terror var systera hans.

Frankl overlevde altså opphalda i konsentrasjonsleirane, og etter krigen tok han til å arbeide med spørsmålet om kvifor han og andre ikkje bukka under og vart drepne, medan andre døydde. Det sto klart for han at det var det intense håpet om å få sjå kona si igjen, og planane om å rekonstruere ei vitskapleg avhandling som hadde vorte øydelagt av nazistane, som heldt han i live og redda han. Noko liknande var tilfelle også for mange andre som overlevde. Det var ikkje alltid dei som var sterkast fysisk sett som klarde seg best, men dei som makta å sjå ei meining med livet, som klarde å klynge seg til eit framtidshåp. Med denne erkjenninga som utgangspunkt tok Frankl til å utvikle ein psykiatrisk teori og behandlings­metode. Dei tankane som ligg til grunn for denne behandlingsmetoden er relevante for oss alle, ikkje berre for dei som har psykiske problem.

Frankl fortel dette om ein pasient: I ein av konsentrasjonsleirane han var i såg han liket av ei kvinne som hadde teke livet sitt. Ho etterlet seg ein lapp der det sto: ‘Sterkere enn skjebnen er det mot som bærer den.’ Frankl reflekterer over dette, og skriv at individuelt mot og klokskap sjeldan er nok i dei prøvene som livet stiller oss overfor. Det som gir oss fotfeste i tilveret og styrke til å leve er den meininga vi tillegg eksistensen vår, og den vert alltid utvikla i sosiale samanhengar. Meiningsfylde er noko som vert skapt i samhandling og fellesskap med andre menneske. Frankl seier det slik: ‘Et menneske oppfyller bare seg selv i den grad han oppfyller en mening ute i verden. Hvis han går inn for å realisere seg selv, fremfor å oppfylle en mening, da mister selvrealiseringen øyeblikkelig sin berettigelse.’

Men sjølv om det er slik at formålet og meininga med livet vårt vert danna i sosialt samspel med andre, er det likevel vi sjølve som må ta ansvar for dette. Det nyttar ikkje å sette seg ned og passivt vente på at meininga med livet skal kome til oss som ei openberring. Det er vi sjølve som må utvikle medvitet vårt om kvifor vi er i verda. Og same kor brutalt og umenneskeleg vi vert behandla, er vi likevel alltid delvis frie, for vi har alltid fridom til å velge innstilling og haldning til den situasjonen vi er i. Derfor er meininga med liva våre den meininga vi sjølve gir dei. Dette vert tydeleg dersom ein omformar spørsmålet om kva meininga med livet er, til kva som er formålet med livet. Det er vi sjølve som må bestemme kva vi vil leve for, og kva mål vi vil arbeide mot.

Sett på bakgrunn av dei ekstreme opplevingane Frankl var utsett  for, kan ein trygt seie at han med full legitimitet kan stille spørsmålet om kva eit menneske er. Audmjukt svarar han: ‘Det er det vesenet som fann opp gasskammeret, men som samstundes er det vesenet som har gått inn i gasskammeret med stolt heva hovud og med eit Fadervår eller Sch’ma Jisrael på leppene.’ (Sch’ma Jisrael er den viktigaste bøna til jødane.)