tirsdag 2. november 2021

Det grøne skiftet er her. Hurra?

 Kronikk i Sunnmørsposten 1. november

Straumprisane i Noreg, spesielt Sør-Noreg, har aldri vore så høge som dei har vore i det siste. Dette vert forklart med at vértilhøva har vore spesielle, på den måten at mange uheldige faktorar har slått inn samstundes. Tørt og varmt vér dei siste månadene har ført til låg vasstand i magasina.

Men dette er berre ein del av biletet. Vi er knytta til det europeiske kraftnettet, og den grunnleggande årsaka til at vi er det er at vi skal kunne eksportere til Europa når vi har kraftoverskot, og importere når vi har for lite.  Men det har vore lite vind i Europa i sommar, vindmøllene har gitt lite straum, og prisane på kol og gass har vore høge. Dette har også i høgste grad påverka kraftprisen, for energi er energi, og dei ulike energiberarane konkurerer på same marknad, den europeiske kraftmarknaden.

Kraftmarknaden i Europa er dreven av sterke kommersielle motiv. Når energiprisane er høge på kontinentet er freistnaden til å selje krafta til ein stiv pris dit ofte større enn motivasjonen for å sørge for at norske forbrukarar kan få den same straummengda til ein lågare pris. Sjølv om magasinfyllingane i Noreg i løpet av dei siste månadane har vore langt dårlegare enn normalt, har det likevel vorte eksportert 6 TWh (1TWh=1 milliard watttimar). Dette er ein periode  der magasina i Sør-Noreg normalt vert fylde, frå om lag 40 til 50 TWh. I år har dei vorte tømde frå 36 til 34 TWh. Taparane er sjølvsagt dei norske kraftkundane. I realiteten er dette ein ekstraskatt til det offentlege, for dei fleste norske kraftselskapa er i offentleg eige. Vi ser derfor av og til at dei høge kraftprisane vert rettferdiggjorde med at denne "skatten" kjem alle til gode i form av meir generøse offentlege tenester.

Dei fleste europeiske landa tek no steg for redusere forbruket sitt av ikkje-fornybar energi, og det skjer ved storsatsing på utbygging av vind- og solkraft, mest det første. Men som vi veit skin ikkje sola og vinden bles ikkje alltid, så overgangen til det grøne skiftet vil innebere at kraftforsyninga i heile Europa vert meir utrygg. Og dette er berre begynnelsen. Etter kvart som våre mest viktige kraftleverandører i utlandet med grunngjeving i det grøne skiftet går over til upåliteleg vind- og solkraft, vert våre kraftrekningar også større og større.

Fordi vindkraftverk ikkje fungerer utan vind vil den krafta vi kjøper frå kontinentet ofte vere atom-, kol-, eller gasskraft. I denne samanheng er det naudsynt å minne om dette:

Tyskland har i dag seks atomkraftverk som til saman produserer 10 prosent av landet sin totale produksjon. Tre av dei skal stengast i løpet av dette året og dei tre siste neste år. Belgia, som får halvparten av sin straum frå dei sju atomkraftverka i landet, skal stenge desse i løpet av 2025.

Ein stor andel av europas straumforsyning er i dag kolbasert, i Tyskland ca 30 prosent. Men til trass for gode rensesystem er kolkraftverk sterkt forurensande, og brenning av kol slepper ut dobbelt så mykje CO2 som gass for den same produserte kraftmengda. Derfor er det planar om å gradvis fase ut kolkraftverka i åra framover. Tyskland tar sikte på å legge ned det siste kolkraftverket seinast i 2038. Men for å dempe energiunderskotet vi har i dag, og som politikarane trur er mellombels, har mange av kolkraftverka i Europa sterkt auka produksjonen sin dei siste månadene.

I dag er om lag halvparten av Tysklands straum basert på fornybar energi, vind- og solkraft, og meir skal det bli. Men ein tar sikte på at gass framleis skal utgjere ein stor del av energiproduksjonen i landet, for ein har behov for straum også når det er vindstilt og sola ikkje skin.

Halvparten av gassen som vert brent i Europa kjem frå Russland gjennom røyrleidningar som går gjennom Ukraina og Polen. Fordi Tyskland snart stenger atomkraftverka sine vert det behov for å importere endå meir gass frå Russland. Derfor har det vorte lagt ei ny gassrøyrleidning derifrå gjennom Østersjøen til Tyskland, Nord Stream 2, som vil doble den russiske eksportkapasiteten. Men dette er omstridd i Tyskland og endå meir i EU-organa. Som straff for at Russland har fengsla ein opposisjonell (eller fleire), innlemma Krim i Russland og støttar opprørarane i Aust-Ukraina, vil mange no nekte å opne kranane på Nord Stream 2-leidninga. Russlands reaksjon på dette er at dei har redusert gassleveransane gjennom dei eksisterande leidningane med 15 prosent, og skapt underskot og sterk prisauke på gass. I denne samanhengen er det relevant å nemne at "Die Grünen", som vert eitt av dei tre partia i den komande regjeringa i Tyskland, er imot opninga av Nordstream 2. Straffinga av Russland ser ut til å ramme heile Europa langt skarpare enn den straffa var retta mot.

Dei norske olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen har til no vorte drivne med energi frå separate og eigne gasskraftverk. Men fordi forbrenninga av gassen avgir litt CO2, skal han no bli eksportert til kontinentet for å bli brent der, og installasjonane skal drivast med straum frå land. Sverdrup er allereie elektrifisert og brukar 6 GWh i året (1 GWh=1 million wattimar). Oseberg og Trollfeltet vil kome til å bruke 1-1,5 TWh. Dette vil koste Noreg 50 milliarder kroner utan nokon som helst miljømessig gevinst globalt, men det er positivt for Noregs miljørekneskap.

Sterke krefter tar sikte på å bygge ut store vindparkar i Nordsjøen, og at desse skal knytast til det europeiske kraftnettet. Ei slik utbygging vil bli svært dyr, og vil bidra til å halde straumprisen på eit høgt nivå, langt høgare enn det vi har no.

Samla sett fører dette til at vi vil få stadig stigande energiprisar dei komande tiåra. Energi er drivkrafta i alle former for menneskeleg verksemd og samfunnsmessig aktivitet, og dette inneber at vi i framtida må klare oss med ein langt lågare levestandard enn vi har i dag. Men ikkje alle vil verte råka like hardt, for kaptalismen er treffsikker. Han råkar dei svake, men eventuelle offentlege mottiltak er upresise. Det demrar for oss kva det grøne skiftet vil koste, og kven som må betale.