lørdag 1. november 2008

Ekstrem antirasisme

Kronikk i Sunnmørsposten den 1. november 2008.
Om ettermiddagen den 6. august 2007 er somaliaren Ali Farah saman med sambuaren sin, dottera si og nokre vener i ein park i Oslo. I nærleiken er det nokre som spelar fotball, noko Ali Farah ikkje likar. Han seier klart frå om dette. Det utviklar seg til eit munnhoggeri, og det endar med at Ali Farah vert slått ned. Gjerningsmannen er ein 23-åring frå Ghana. I fallet slår Ali Farah bakhovudet mot asfalten der han vert liggande medvitslaus. Ambulanse vert tilkalla.
Det kjem ein ambulanse frå Ullevål sykehus. Sjåførane undersøker pasienten med utgangspunkt i sine standardprosedyrer. Han er vaken og kan bevege armar og bein. Dei finn ikkje alvorlege teikn som pupilleskilnader, spinalvæske frå øyrer eller nase, kular som skuldast blødning, ufriviljug vasslating eller avføring. Ambulansesjåførane si vurdering er at dette er ein lett hovudskade, og dei vil ta han med til legevakta for tilsyn.
Men så reiser pasienten seg opp, opnar buksesmekken og urinerer på den eine av sjåførane. ”Din jævla gris”, ropar sjåføren. Ali Farah går deretter bort til ambulansebilen, og urinerer på bilen i staden for. Denne hendinga fører til at sjåførane revurderer situasjonen. Dei trur at det er det som i deira sjargong vert kalla ”ordensproblem”, at personen er rusa og at dette er fylleåtferd. Her vurderte sjåførane situasjonen feil. Men slikt er ikkje lett å vurdere. Professor i akuttmedisin Petter Andreas Steen seier at ved nokre hjernesakder kan ufriviljug vasslating sjå viljestyrt ut, men det skjer svært sjeldan. ”Det kan vi ikke forvente at en ambulansesjåfør skal vite. Jeg tror heller ikke at mange leger ville skjønt det.” (A-magasinet 3.10.) I ettertid har det vist seg at ambulansesjåførane si vurdering av dette som eit ”ordensproblem” ikkje var heilt på viddene likevel, for Ali Farah var rusa på hasj (http://www.document.no/2008/10/ali_farah_var_ruset.html).
I samsvar med vanleg praksis når det gjeld ”ordensproblem”, meiner ambulansesjåførane at politiet er ansvarleg for å transportere pasienten til legevakta, og at dei såleis ikkje vil ta han med. Dette seier dei til dei som ser opptrinnet. Mange vert heilt rasande, og sjåførane vert skulda for rasisme. Medan Ali Farah står, køyrer ambulansen vekk. Deretter legg Ali Farah seg ned i graset. Då vert det teke eit bilete av han som i dagane etterpå vart gjengitt i dei fleste av landets aviser, og det vart seinare kåra til årets bilete. I Årets-bilde-katalogen står det at biletet er ”dokumentasjon på rystende rasisme”.
Dagen etter har dei fleste papir- og nettavisene førstesideoppslag med det ovanfor nemnde biletet, der ambulansesjåførane vert stempla som rasistar. Politikarar vert intervjua. Helseminister Sylvia Brustad, tidlegare justisminister Anne Holt, finansminister Kristin Halvorsen, diskriminerings- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen fordømer ambulansesjåførane i sterke ordelag. Fylkeslegen i Oslo opprettar tilsynssak mot ambulansesjåførane og konkluderer med at dei har utvist diskriminerande åtferd som har rasistiske overtonar. Den 27. mars legg Likestillings- og diskrimineringsombodet fram resultata av granskinga si. Utan å spørje eller late sjåførane kome til orde med sine synspunkt, konkluderer granskinga med at pasientens etnisitet har vore medverkande til at sjåførane oppførte seg som dei gjorde, og at dei sjølve må sannsynliggjere at dei ikkje er rasistar(!)
I mai fekk kvar av ambulansesjåførane 6000 kroner i bot for ”utilbørlig opptreden”.
I mellomtida har den eine av sjåførane sagt opp stillinga si. Den andre, som heiter Erik Schjenken har vorte suspendert. Den sistnemnde fekk vite om suspensjonen gjennom ei offentleg pressemelding. I denne pressemeldinga står det mellom anna at han ikkje skal attende til ”pasientrettet virksomhet”. I skrivande stund er han framleis suspendert.
Ein del spørsmål melder seg:
I ettertid har politiet granska hendinga. Ingen av dei som var til stades høyrde ambulansesjåførane kome med rasistiske ytringar. Kva er då grunnlaget for å bruke denne hendinga som døme på rasisme?
Det mest klanderverdige som skjedde i denne saka er at Ali Farah vart slått ned. Men at han vart det har knapt vore nemnt i dagspressa. Kvifor ikkje? Er det ikkje verre å slå ned eit menneske og påføre det alvorleg skade enn å gi det ein feildiagnose?
La oss tenke oss at det var ein etnisk nordmann som slo ned Ali Farah og ikkje ein annan afrikanar, og at hendingsforløpet ellers hadde vore det same. Kva hadde då skjedd? Kven hadde då vorte kalla rasist? Hadde ambulansesjåførane si feilvurdering då vorte omtalt i dagspressa i det heile tatt?
Ein reknar med at det er titusenvis av tilfelle med feilbehandling eller andre uheldige hendingar på norske sjukehus årleg, og at over tusen av desse har dødeleg utgang. Vert alle dei som gjer slike feilvurderingar som ambulansesjåførane gjorde i dette tilfellet straffa like hardt? Dersom ikkje, kvifor?
Eg trur at svara på dei ovanfornemnde spørsmåla indikerer at det antirasistiske arbeidet i Norge er i ferd med å verte eit like stort problem som sjølve rasismen. Og det er til skade for oss alle, enten vi er pasientar, ambulansesjåførar, etniske nordmenn eller framandkulturelle, kanskje mest for dei sistnemnde. Barneminister Anniken Huitfeldt meiner såleis at dette mellom anna kan føre til at barnevernet ikkje grip inn for å gi innvandrarborn hjelp, fordi dei tilsette er redde for å verte stempla som rasistar (http://www.dagbladet.no/art/innenriks/barnevern/3413729/).
Ein annan og meir generell konsekvens er at ein ser tendensar til at framandkulturelle som på ein eller annan måte kjem i konflikt med etniske nordmenn, eller på kant med det norske samfunnet, heilt eller delvis skriv frå seg ansvar for eigen situasjon, og automatisk og ureflektert definerer trasige hendingar inn i eit rasismeperspektiv. Det vert ikkje gode samfunnsborgarar av slikt, og det tener ikkje til å integrere våre nye landsmenn inn i det norske samfunnet. Burde ikkje dagspressa, politikarane og alle vi andre tenkje på dette – enten vi kallar oss antirasistar eller ikkje - og ta konsekvensen av det?
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar