Innlegg under 'Synspunkt' i Nyss, 5. februar
‘Ein er sterk så lenge ein står for ein sterk idé.’ Sigmund Freud
Viktor E.
Frankl var ein austerriksk lege og psykiater. Han var født i 1905 og døydde i
1997. Han studerte medisin ved universitetet i Wien, og spesialiserte seg innanfor
psykiatri. Han var mest oppteken av å studere årsakene til depresjon og sjølvmord,
og han tok til å utvikle behandlingsmetodar mot dette.
Då nazistane
kom til makta i Austerrike i 1938, fekk Frankl forbod mot å behandle ‘ariske’
pasientar fordi han var jøde. Han søkte om visum til USA og fekk det. Kort tid
etterpå la nazistane synagoga i Wien i grus. Far til Frankl tok med seg heim ein
liten marmorbit frå ruinane. På den sto
det hebraiske teiknet for det fjerde bodet (‘Du skal heidre far din og mor di.’).
Frankl tolka dette som ein bodskap om at han skulle ta seg av foreldra sine, så
han reiste ikkje til USA.
Hausten
1942 vart Frankl og kona hans, som han vart gift med i 1941, deportert til
konsentrasjonsleiren Theresienstadt, og seinare til Dachau. Kona hans døydde i Bergen-Belsen.
Begge foreldra til Frankl og bror hans leid same lagnad. Den einaste av Frankl sine
næraste slektningar som overlevde nazistane sin terror var systera hans.
Frankl
overlevde altså opphalda i konsentrasjonsleirane, og etter krigen tok han til å
arbeide med spørsmålet om kvifor han og andre ikkje bukka under og vart drepne,
medan andre døydde. Det sto klart for han at det var det intense håpet om å få
sjå kona si igjen, og planane om å rekonstruere ei vitskapleg avhandling som
hadde vorte øydelagt av nazistane, som heldt han i live og redda han. Noko liknande
var tilfelle også for mange andre som overlevde. Det var ikkje alltid dei som
var sterkast fysisk sett som klarde seg best, men dei som makta å sjå ei meining
med livet, som klarde å klynge seg til eit framtidshåp. Med denne erkjenninga
som utgangspunkt tok Frankl til å utvikle ein psykiatrisk teori og behandlingsmetode.
Dei tankane som ligg til grunn for denne behandlingsmetoden er relevante for
oss alle, ikkje berre for dei som har psykiske problem.
Frankl
fortel dette om ein pasient: I ein av konsentrasjonsleirane han var i såg han
liket av ei kvinne som hadde teke livet sitt. Ho etterlet seg ein lapp der det
sto: ‘Sterkere enn skjebnen er det mot
som bærer den.’ Frankl reflekterer over dette, og skriv at individuelt mot
og klokskap sjeldan er nok i dei prøvene som livet stiller oss overfor. Det som
gir oss fotfeste i tilveret og styrke til å leve er den meininga vi tillegg
eksistensen vår, og den vert alltid utvikla i sosiale samanhengar. Meiningsfylde
er noko som vert skapt i samhandling og fellesskap med andre menneske. Frankl seier
det slik: ‘Et menneske oppfyller bare seg
selv i den grad han oppfyller en mening ute i verden. Hvis han går inn for å
realisere seg selv, fremfor å oppfylle en mening, da mister selvrealiseringen
øyeblikkelig sin berettigelse.’
Men sjølv
om det er slik at formålet og meininga med livet vårt vert danna i sosialt
samspel med andre, er det likevel vi sjølve som må ta ansvar for dette. Det
nyttar ikkje å sette seg ned og passivt vente på at meininga med livet skal
kome til oss som ei openberring. Det er vi sjølve som må utvikle medvitet vårt
om kvifor vi er i verda. Og same kor brutalt og umenneskeleg vi vert behandla, er
vi likevel alltid delvis frie, for vi har alltid fridom til å velge innstilling
og haldning til den situasjonen vi er i. Derfor er meininga med liva våre den
meininga vi sjølve gir dei. Dette vert tydeleg dersom ein omformar spørsmålet
om kva meininga med livet er, til kva
som er formålet med livet. Det er vi
sjølve som må bestemme kva vi vil leve for, og kva mål vi vil arbeide mot.
Sett på bakgrunn av dei ekstreme opplevingane Frankl
var utsett for, kan ein trygt seie at
han med full legitimitet kan stille spørsmålet om kva eit menneske er. Audmjukt
svarar han: ‘Det er det vesenet som fann opp gasskammeret,
men som samstundes er det vesenet som har gått inn i gasskammeret med stolt
heva hovud og med eit Fadervår eller Sch’ma Jisrael
på leppene.’ (Sch’ma Jisrael er den viktigaste bøna til jødane.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar