Diktet sto på trykk i Nyss den 20. august
Det er ulike grunnar til at folk røyster i politiske val og på dei partia dei gjer. Mange røyster på sitt parti av gammal vane. Nokre gjer det etter å ha studert og vurdert partiprogram og politiske utspel. Men det er også mange som ikkje røyster i det heile tatt, kanskje fordi dei er late, ikkje bryr seg eller har vanskeleg for å bestemme seg. Dette er historia om ein som svært gjerne ville røyste, men som likevel ikkje fekk det til - fordi han vart forvirra av alle dei feite lovnadane som politikarane kom med. Dessutan treivst han veldig godt på sofaen sin.
Eg ligg på min sofa og har det så godt.
Min ondsinna nabo kallar meg fjott.
Men pytt, eg er korkje lei eller sår
for uføretrygda fekk eg i går.
I dag vert det avvikla stortingsval,
og eg skal røyste, eg vil, eg skal!
Men eg er så slapp, så inmari lei.
Til trass for dette vil eg i vei.
Eg reiser meg opp og tar skjorta på,
og kvardagstrusa like så.
Søvnig og sliten til badet eg går,
og steller mitt vakre hentehår.
Vaske ansikt og nase og øyre og alt?
Nei, vatnet er vått, og veldig kaldt.
Gebisset eg arva av bestefar.
Med andakt eg det i munnen tar.
Gebisset det manglar ei hjørnetann.
Med dei andre tygg eg så godt eg kan.
Eg går mot lokalet med nervar i spenn
og eg kjem nærare, litt om senn.
Men mjølkesyra i låra har surna
før eg er framme ved stortingsvalurna.
I vallokalet er mange slags lister.
Eg tek ei, for valløfta frister,
og eg tek fleire, sju, åtte, ni,
og puttar dei alle i lomma mi.
Så går eg heim med verkande kne,
og idet eg er heime har klokka blitt tre,
så no må eg ha meg ein liten blund,
ein to-tre timer, ei stakka stund.
Eg legg meg på sofa’n og somnar inn.
Gud signe Vår Herre og Sofaen min!
Så høyr kjære vener på mine ord,
kvar enn de bor,
i sør og i nord
på fjell og ved fjord:
Det er val og
politikk som har øydelagt vår jord!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar