Synspunktartikkel i Nyss 22. oktober.
Sidan 2005 har Nordiske Mediedager årleg
fått gjennomført ei opinionsundersøking mellom medlemene i Norsk Journalistlag.
Desse undersøkingane gir eit godt innblikk i norske journalistars synspunkt og
haldningar til ymse sider ved norsk samfunnsliv og politikk.
Den siste medieundersøkinga (2021) viste mellom
anna at 15 prosent av journalistane sa at dei ville røyste på Miljøpartiet
(MDG) ved årets stortingsval, men som vi veit nådde ikkje partiet ein gong sperregrensa
på 4 prosent. Dersom dei partipolitiske sympatiane mellom alle veljarane hadde
fordelt seg på same måte som blant journalistane, ville Rødt hatt 18 representantar
på Stortinget. Dei fekk 8. Fremskrittspartiet fekk 21 representantar ved valet,
men ville ikkje ha fått inn ein einaste dersom norske journalistar hadde
bestemt. Dersom journalistar var dei einaste med røysterett ville 120 av dei 169
stortingsrepresentantane ha kome frå Rødt, SV, MDG eller Ap. Ved valet fekk
desse partia berre halvparten, 62.
Den samla oppslutninga til dei fire nemnde
partia har vore nokså stabil frå den første undersøkinga i 2005 til i dag. I 11
av dei 17 undersøkingane som har vorte gjennomførde svara over 60 prosent av journalistane
at dei ville ha stemt på eitt av dei.
Journalistar er, som folk flest, ærlege,
og dei har som ideal å formidle kunnskap og informasjon på ein sakleg måte, og stort
sett held dei sine politiske preferansar i bakgrunnen. Likevel slår av og til
dei politiske sympatiane gjennom og fargar bodskapen deira. Dette såg vi fleire
døme på i årets valkamp. SV, Rødt og MDG fekk knapt kritiske spørsmål i massemedia.
Aller verst var kanskje NRK. Etter å ha dynka oss med dystre dystopiske
spådomar om både klimakrise og klimakatastrofe fordi jorda kan bli litt varmare,
og skremt vatnet av norsk ungdom, eller prøvd på det, serverte statskanalen eit
genialt tiltak mot den nye folkesjukdomen "klimaangst". Dei kontakta
ein "klimapsykolog" som hadde denne resepten: "Røyst på eit
skikkeleg klima- og miljøparti." Men NRK "gløymde" å opplyse om
at psykologen var MDG-aktivist.
I Dagsrevyen 7. september vart resultata
av skulevalet presenterte. "SV er en av vinnerne av skolevalget", vart
det sagt, sjølv om FrP gjekk endå meir fram, men det vart ikkje nemnt. Dette
vart også sagt: "Man hadde kanskje grunn til å tro at MDG ville gjøre et
enda bedre skolevalg." Men MDG gjekk tilbake med 0,8 prosent. Korkje
programleiaren eller kommentatoren var i stand til å sjå hovudtendensen gjennom
sine ideologiske briller: At FrP vart vald av dobbelt så mange som MDG, og at
dei unge har valt mykje meir oljevenleg enn journalistane hadde spådd at dei
ville gjere.
Den 26. september var det forbundsdagsval
i Tyskland. Den 23. var det partileiardebatt på tysk TV. Klimaspørsmålet fekk
ein svært beskjeden plass i programmet. Det var heilt andre spørsmål som fekk
merksemd. Men på NRK-kveldsnytt same kveld vart dette sagt: "Klimapolitikk
preget debatten i kveld", og så vart det vist eit utsnitt av debatten, med
Annalena Baerbock som er leiar for partiet 'Die Grünen', som er like radikalt
som MDG her i landet. Tidlegare på kvelden, på Dagsrevyen, hadde vi fått
opplyst at klimakrisa er "den store saken i den tyske valgkampen". På
eitt vis var dette sant. Klimakrisa var "den store saken i den tyske valgkampen",
i NRK, men ikkje i Tyskland.
Vi har alle ein tendens til å la våre
politiske og ideologiske verdiar og haldningar farge forståinga av det vi ser
og erfarer, og i neste omgang kommuniserer vidare. Når journalistar formidlar
nyhende vil det ofte vere farga av deira verdiar og politiske overtydingar,
slik eg har vist ovanfor. Dette skjer som regel umedvite, og det er ikkje
alltid like lett for oss vanlege menneske å forstå når det skjer. Spørsmålet er
om det er ønske om og vilje til å gjere noko med dette. Dersom det er det kunne
ein kanskje legge til grunn ein rekrutteringspolitikk med føremål å sikre at
journalistar med andre politiske sympatiar enn SV/Rødt/MDG og Ap i større grad fekk
tilgang til journalistyrket.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar