Artikkel i Nyss 8. juli
Kari
Kari er 32 år. Ho voks opp i ein liten bygdeby i Trøndelag
og hadde ein problemlaus og harmonisk barndom. Ho hadde allsidige interesser,
var skuleflink og hadde mange vener. Familien, som bestod av Kari, foreldra
hennar og ein bror, hadde ein solid økonomi, og familiemedlemmene fungerte godt
saman.
Då Kari var 12 år og puberteten hadde begynt å melde seg,
fekk ho psykiske problem. Dei store endringane som skjedde med kroppen hennar
uroa henne og gjorde at ho begynte å føle avsky for sin eigen kropp. Denne
negative kjensla førde henne etter kvart inn mot spørsmål om kven ho eigenleg
var og ville vere.
På denne tida tok omgrepet ‘født i feil kropp’ til å dukke
opp i massemedia. Kari la merke til dette, og ho begynte å tenke på at det
kanskje nettopp var det som var problemet hennar, at ho var ein gut som var
innestengt i ein jentekropp. Til å begynne med avviste ho tanken på dette som
både absurd og avskyeleg, men kjensla av at ho var født i feil kropp forfølgde
henne likevel som ein mørk og plagsam skugge.
Kari hadde ingen å snakke med om problemet sitt. I redsle
for korleis foreldra hennar ville
reagere var det utenkeleg å snakke med dei om dette. Ho hadde heller
ikkje veninner eller andre som sto henne så nær at ho torde å opne seg for dei.
Då Kari var 14 år flytta familien til Bergen. Kari sleit med å få nye vener og
å tilpasse seg den nye skulesituasjonen der. Men ein forståelsesfull lærar såg
at ho trengde profesjonell hjelp, og oppmoda henne til å kontakte
helsestasjonen for ungdom. Der vart Kari teken i mot på ein måte som ga henne
tryggleik til å opne seg om tankane sine. "Ta dine kjensler på alvor.
Dine kjensler er din realitet. Dersom du føler at du er ein gut, så er du det",
sa psykologen. Det var nettopp dette Kari ønskte å høyre, og ho tok
konsekvensen av det.
Dette vart startpunktet på ein behandlingprosess som leia
fram til at Kari, like etter å ha fylt 19 år, såg ut som ein heilt ‘normal’
mann, og ho endra namn. No heiter ho/han Karl.
Ola
Ola har nettopp fylt 71 år. Han hadde ein normal oppvekst
saman med foreldra sine og to søsken. I ungdomstida hadde han allsidige
interesser, og han var ein ivrig mosjonist, sommar som vinter.
Ola studerte samfunnsfag på universitetet i Bergen. Der
traff han Lina som han gifta seg med. Dei hadde mange felles interesser, mellom
anna friluftsliv og mosjonsidrett. Då dei om lag samstundes runda 50 år, var
dei begge i god form, friske og sunne og hadde eit godt liv. Men så døydde Lina
i ei tragisk trafikkulykke. Det gjekk hardt inn på Ola, og han endra livsstilen
sin. Han slutta å mosjonere, vart uforsiktig med sterk drikke og åt for mykje
feit og usunn mat.
Etter 10 år som enkemann sto det dårleg til med Ola. Han
hadde gått kraftig opp i vekt, fått diabetes og såg ikkje frisk ut. Fastlegen
hans oppfordra han til å legge om livsstilen. Om lag samstundes traff han ei ny
kvinne, og med hennar støtte, og ved hjelp av eit godt treningsprogram, klarde
han å legge om livsstilen sin til om lag det han var ti år tilbake. Etter endå ti
år, då han runda 70, var Ola minst like sprek som då han var 50. Han såg ut som
ein femtiåring, og slik opplevde han seg sjølv også.
I dagspressa og i sosiale medier hadde kjønnskifte vorte ein
del omtalt i det siste, så Ola tenkte at det logisk sett også måtte vere kurant
å endre fødselsår. "Når det er mogleg å få ‘kjønnsbekreftende
behandling’, basert på følelsane sine, må det også gå an å få endra fødselsår
dersom følelsane tilseier det", tenkte han.
Ola søkte folkeregisteret om å få endra fødselsdagen sin frå
15. april 1951 til same dato i 1971. Det viktigaste argumentet hans var at helsa
hans var på same nivå som femtiåringar, at det var slik hans omgjevnader opplevde
han, og at dette heilt ut var i samsvar med korleis han forsto seg sjølv. Han
var, reelt sett, 50 år, skreiv han i søknaden.
Han fekk avslag på søknaden.
To spørsmål
Kvifor fekk Kari ‘kjønnsbekreftande behandling’, basert på
hennar kjensler av at ho var gut?
Kvifor fekk ikkje Ola endra sin fødselsdag med den same typen
grunngjeving, at han følte seg som ein femtiåring?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar