Synspunktartikkel i Nyss 20. januar
I 1971 gjennomførde Philip Zimbardo ved Stanford-universitetet i USA eit tankevekkande forskingseksperiment. Han var interessert i å studere dynamikken i dei mellommenneskelege relasjonane i fengsel, og han ville gjere det ved hjelp av eit eksperiment.
På ein så realistisk måte som mogleg
skulle ein ”spele fengsel”. Zimbardo sjølv skulle vere ”direktør”. Det vart
plukka ut 22 forsøkspersonar. Den eine halvparten av desse skulle vere vaktarar
og den andre fangar. Ein søndags ettermiddag vart fangane pågrepne og påsette handjern
av ekte politifolk, og transporterte til fengselet i ekte politibilar. Fengselet
var i ein kjellar i ein av bygningane på universitetsområdet. Eksperimentet var
planlagt å gå over fleire veker.
I fengselet fekk fangevaktarane
uniformer og fangane fekk fangedrakter. Dei sistnemnde fekk ikkje lov til å ha
personlege eigendelar, og heller ikkje lov til å nytte namna sine, berre
fangenummeret sitt. Fangane vart underlagde eit svært detaljert og strengt
reglement. Det var oppstilling ein gong om natta, og to gonger om dagen. Til å
begynne med varte oppstillingane berre
nokre minutt, men vart så gradvis utvida til fleire timar. På oppstillingane vart
fangane mellom anna eksaminerte i dei kompliserte ordensreglane i fengselet.
Dersom dei ikkje uttrykte seg slik som fangevoktarane meinte dei burde, vart
dei straffa med armhevingar. Alvorlege brot på ordensreglane førde til at dei vart
sette på isolatceller.
Fangevaktarane hadde som oppgåve å handheve
ordensreglane, men korleis det skulle gjerast, fekk dei stor fridom til sjølve
å bestemme. Denne fridomen vart nytta til sin ytterste konsekvens: Vaktarane vart
gradvis meir og meir brutale overfor fangane.
Zimbardos tolking av dette var at
grensa mellom spel og realitet vart utviska. Både vaktarane og fangane gjekk så
langt inn i sine roller at rollene vart opplevde som det verkelege livet. Når ”løslatelseskommisjonen”
ba fangane om å gjere greie for brotsverka sine, aksepterte dei utan vidare
skuldingane. Dei prøvde ikkje å kome seg unna med at dei var deltakarar i eit
rollespel og at dei derfor var uskuldige. Zimbardo vedgjekk sjølv at han var i
ferd med å gløyme at han var forskar, og begynte å føle seg og opptre som ekte fengselsdirektør.
Etter seks døgn hadde vaktarane blitt
så brutale at det var naudsynt å avbryte forsøket, delvis mot fangevaktarane
sin vilje, for dei hadde begynt å trivast med den fridomen til maktbruk som
rollene ga dei.
I boka The Lucifer Effect, som
kom ut i 2007, reanalyserte Zimbardo erfaringane med fengselsprosjektet. Han
meinte at ein ikkje kan forstå slik brutal åtferd som fangevaktarane i
eksperimentet la for dagen ved å vise til enkeltindivids vondskapsfulle natur
eller personlegdomstrekk, men at forklaringane ligg i normene og verdiane, i organisasjonskulturen.
Andre ekspertar på dette temaet har vore
inne på liknande tankar. Hannah
Arendt meinte såleis at dei som på forskjellige nivå sto bak jødeutryddingane
i Nazi-tyskland ikkje var spesielt vonde av natur, men måten det politiske
systemet fungerte på, og innhaldet i den nazistiske ideologien stimulerte og
pressa dei til å utføre grusame handlingar. Fangevaktarane i
konsentrasjonsleirane var lojale mot sine overordna, hadde sterke pliktkjensler
og gjorde det dei vart sette til utan å stille spørsmål.
Ein skremmande, men ikkje heilt urealistisk
tanke: Dette inneber at kven som helst av oss, under tilhøve som tilseier det,
kan kome til å opptre like brutalt og umenneskeleg som fangevaktarane i
Zimbardos ”fengsel”, eller endå verre: Som fangevaktarane i konsentrasjonsleirane
i Nazi-Tyskland. Men denne faren kan motverkast, skriv Zimbardo, mellom anna
ved å legge vekt på og fremme ein del sentrale haldningar og verdiar, mellom
andre desse:
Vi bør ikkje blindt og ureflektert bøye
og føye oss under gruppenormer. Vi bør ikkje akseptere vondskap gjennom
umedviten passivitet og likesæle. Vi bør på ein konstruktiv måte stille oss
kritiske til alle autoritetar. Vi har alle eit personleg ansvar for handlingane
våre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar