lørdag 12. april 2014

Kven er idrettsungdomane?

Kronikk i Sunnmørsposten den 17. mars saman med Johann Roppen


I ein del kommunar i Møre og Romsdal vart det hausten 2013 gjennomført ei undersøking mellom ungdomsskuleelevar og førsteklassingar på vidaregåande skule. Denne artikkelen byggjer på deler av dette materialet, svara til elevane i desse kommunane: Hareid, Vanylven, Sande, Volda, Ørsta og Giske, til saman 1680 elevar. Føremålet med denne kronikken er å kaste lys over den idrettslege aktiviteten mellom ungdomane.
Totalt sett var ca halvparten av respondentane forholdsvis aktive idrettsfolk, men det var stor skilnad kommunane i mellom. 63 prosent av Sande-elevane svara at dei hadde deltatt i aktivitetar tre eller fleire gonger siste månaden i regi av eit idrettslag. Hareid og Ørsta er i den andre enden på skalaen med høvesvis 43 og 44 prosent. Men det er stor skilnad på klassetrinna. I åttande klasse svara 56 prosent av elevane positivt på spørsmålet ovanfor. Denne prosentandelen vert gradvis lågare opp gjennom klassetrinna, og i første klasse vidaregåande er det berre halvparten så stor andel som er aktive idrettsfolk som i åttande klasse. Fråfallet er størst frå tiande klasse til første klasse vidaregåande, 41 prosent – 28 prosent, og fråfallet  gjer seg gjeldande for stort sett all idrettsleg aktivitet, med eitt unntak: Trening på treningsstudio. Frå åttande klasse til første klasse vidaregåande vert andelen som nyttar denne treningsformen firedobla, frå 8 prosent til 32.
Det store fråfallet frå idretten opp gjennom klassetrinna er ei stor utfordring for idrettsleiarar. Denne undersøkinga gir oss ikkje grunnlag for å seie noko om årsakene til dette, og vi har derfor heller ikkje konkrete framlegg til kva som kan gjerast. Men vi har vi likevel gjort oss opp tankar om i kva retning ein bør arbeide for å finne ut meir om dette.
Idrettsleg aktivtet er sjeldan eller aldri berre det. Ungdom er sjeldan med på organiserte idrettsaktivitetar berre for idretten si skuld. Idrett inneber også venskap og moro og meingsfulle sosiale fellesskap. Når fråfallet frå organisert idrett er spesielt stort i spranget frå ungdomsskule til vidaregåande skule, har det truleg samanheng med at det då skjer store endringar i livssituasjonen til dei unge. Dei kjem inn i eit nytt skulesystem med andre verdiar og haldningar enn dei er vane med, og omgangs- og venekretsen vert endra. Dei har også kome eit steg nærare vaksenrolla, og krava som vert stilte til dei frå samfunnet si side har blitt skarpare og tydelegare, og det vert mindre rom for for leik-prega aktivitetar.
Dersom vi har rett i dette, og ein vil setje inn større innsats for å halde idrettsinteressa oppe blant ungdom, vil det ha sterkt avgrensa effekt å satse berre på tiltak som går rett inn mot dei idrettslege aktivitetane. Generell miljøbygging, satsing på miljøfaktorar som ligg i utkanten av idretten, vil truleg ha betre effekt.
Ikkje uventa var fotball den mest populære idrettslege aktiviteten mellom elevane. Heile 42 prosent dreiv med &organisert fotballtrening og konkurransar i idrettslag&. Det var langt ned til den nest mest popuære idrettslege aktiviteten, handball, 14 prosent. Men det er ein viss skilnad på kjønna når det gjeld dette. For ti år sidan var jentefotball eit nesten ukjent fenomen, men i dag svarer 38 prosent av jentene at dei i løpet av dei to siste åra har drive med organisert trening og konkurransar i idrettslag innan denne idrettsgreina. Det tilsvarande talet for gutane er 45. Slik sett kan vi seie at fotball er ein (nesten) like vanleg idrett mellom jentene som mellom gutane. Handball, derimot, ser ut til å vere meir kjønnsdelt. Kvar femte jente driv med handball, men berre kvar tiande gut.
I undersøkinga hadde vi med ei rekke spørsmål som var retta inn mot &opplevd livskvalitet&, og svara på desse spørsmåla kopla vi samen til ein samlevariabel &livskvalitet&, og vi analyserte dette mot aktivitet i idrettslag. Dette ga som resultat følgjande: 55 prosent av dei som svara at dei hadde delteke på organisert idrettsleg aktivitet fem eller fleire gonger i løpet av den siste månaden kom i kategorien &god livskvalitet&. Det tilsvarande talet for dei som hadde delteke i slik aktivitet &ingen gonger& var 45.
Det viste seg også at det var ein nær samanheng mellom skuletrivsel og idrettsaktivitet. Mellom dei som svara at dei dreiv med organisert idrettsleg aktivitet minst ein gong i månaden var det 53 prosent som svara at dei trivdest. Mellom dei som svara at dei ikkje trivdest på skulen var den tilsvarande prosentandelen berre halvparten, 27.
Vidare viste det seg at utdanninga til foreldra også hadde effekt på dei unge sin idrettslege aktivitet. Mellom dei ungdomane som hadde begge foreldre med høgskule/universitetsutdanning var 46 prosent aktive i idrett. Dersom ingen av foreldra hadde høgare utdanning var den tilsvarande prosenten 32.
I skjemaet spurte vi ikkje direkte om familiens økonomi, men om kor god råd elevane meinte at deira familie hadde hatt dei siste to åra, og svara på dette spørsmålet kopla vi mot idrettsaktiviteten. Det viste seg då at 85 prosent av dei som var idrettsaktive meinte at familieøkonomien deira var god. For dei som ikkje var idrettsaktive var den tilsvarande prosenten 74.
Ovanfor har vi sett at idrettsleg aktivitet har samanheng med ei rekke aspekt av ungdomane sin totale livssituasjon. Stor idrettsleg aktivitet heng saman med god opplevd livskvalitet, trivsel på skulen og foreldras økonomi  og utdanning. Men ein ting er å kunne påvise at det finst samanhengar, noko heilt anna er det å vise korleis samanhengane er. Men det spørsmålet gir ikkje denne undersøkinga svar på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar