fredag 5. desember 2014

Ungdom og psykisk helse


Denne kronikken sto i Sunnmørsposten den 5. desember 2014
I 2003 vart det gjennomført ei spørjeskjemaundersøking mellom ungdomsskuleelevar og elevar i 1. klasse på dei vidaregåande skulane i Volda og Ørsta. Undersøkinga hadde til føremål å undersøke ei rekkje forhold ved ungdomane sin livssituasjon og leveforhold.Til saman 949  elevar fylte ut eit spørjeskjema i ein skuletime.
I 2013 vart ei liknande undersøking gjennomført i dei same to kommunene. I 2013 var det 939 elevar frå dei same klassetrinna som er nevnt ovanfor som fylte ut skjemaene. Medan elevane i 2003 skreiv sine svar inn på papirskjemaer, fylte elevane i 2013 ut elektroniske skjemaer på pcar.

Ein del av spørsmåla i 2003- og 2013-spørreskjemaene var like. Denne artikkelen tar utgangspunkt i desse og samanliknar på det grunnlaget situasjonen for volda- og ørstaungdommene på dei to tidspunkta.

Psykisk helse. Ungdomane vart mellom anna bedne om å svare på i kor stor grad dei hadde hatt desse plagene den siste veka: "Kjent at alt er eit slit", "Hatt søvnproblem", "Kjent deg ulykkeleg, trist eller deprimert", "Kjent håpløyse med tanke på framtida", "Kjent deg stiv eller spent", "Uroa deg for mykje over ting". På grunnlag av svara på desse utsegnene konstruerte vi ein samlevariabel (indeks) som vi kalla "psykisk helse". Når vi då analyserte "psykisk helse" mot andre forhold, fann vi dette:

        Den psykiske helsa til ørstaelevane var betre enn den psykiske helsa til voldaelevane både i 2003 og i 2013.

        I 2003 var den psykiske helsa til jentene klart dårlegare enn til gutane. Ein dobbelt så stor andel av jentene kom i kategorien "dårleg psykisk helse" som gutane.

        Frå 2003 til 2013 har den psykiske helsa til jentene blitt endå dårlegare. I 2013 var det nesten tre gonger så stor andel av jentene som kom i kategorien "dårleg psykisk helse" som gutane. For gutane var det ingen endring av den psykiske helsetilstanden i denne perioden.

        Frå 8. klasse til 1. klasse vidaregåande opplever elevane ei svekking av den psykiske helsa si.

        Det er ingen samanheng mellom foreldras utdanningsnivå og deira borns psykiske helse.
Vald og truslar om vald. Både i 2003 og i 2013 vart det spurt om i kva grad ungdomane hadde opplevd vald eller trugsmål om dette. Dei vart bedne om svare på om dei i løpet av dei siste 12 månadene hadde vorte utsette for dette: "Truslar om vald (så du blei redd)", "Blitt slått utan å få synlege merke", "Vald som førte til merke eller skadar utan at du trengte legehjelp", "Blitt så skada at du trengte legehjelp". På alle desse fire variablane var det ein nedgang. Størst var nedgangen på dei som hadde "blitt slått utan å få synlege merke". 21 prosent av ungdomane svara at dei hadde opplevd dette i 2003. I 2013 var det 14 prosent som hadde opplevd dette.

Forhold til heim og foreldre. Både i 2003 og i 2013 vart det stilt ein del spørsmål som hadde til føremål å kartlegge ungdomane sine fritidsvanar. Dei vart mellom anna gjort ved å spørje dei om dei i løpet av den siste veka hadde "gjort noko saman med mor eller far ", "hjelpt til heime" eller "vore heime aleine, eller saman med mor, far eller sysken heile kvelden". På alle desse tre spørsmåla var det ein markert auke frå 2003 til 2013. Det ser såleis ut til at ungdomane hadde ei sterkare tilknytning til dei nære familiemedlemane sine i 2013 enn i 2003.

Tobakk. I 2003 var det 49 elevar i Volda og 37 i Ørsta som røykte dagleg. I 2013 var det 1 elev i Volda og 15 i Ørsta som røykte. Vi kan såleis konstatere at røyking er i ferd med å forsvinne som ein dagleg vane mellom ungdomane i Volda og Ørsta, iallfall i Volda.

Når det gjeld bruk av snus er utviklinga ikkje fullt så eintydig. Mellom voldaelevane var det færre som snuste ofte i 2013 enn i 2003, men fleire mellom ørstaelevane, men i begge respondentgruppene var det i 2013 ein klart større andel som aldri hadde snusa.

Rus. I 2003 svara 47 prosent av respondentane "nei" på spørsmålet  om dei nokon gong hadde drukke alkohol (dvs. "meir enn eit par slurkar")? I 2013 var det 56 prosent som "nei". Det var ingen nemneverdig skilnad på gutar og jenter, korkje i 2003 eller 2013. Vi ser såleis at det var ein klart større andel avholdsfolk mellom 2013-respondentane enn mellom 2003-respondentane.
I 2003 hadde 14 prosent av elevane fått tilbod om kjøp av marihuana eller hasj. Denne andelen fall til 6 prosent i 2013.

Problemåtferd. Både i 2003 og i 2013 vart det stilt ei rekkje spørsmål om det vi med eit stikkord kan kalle problemåtferd. Elevane vart presenterte for ei liste med 14 ulike aktivitetstypar som var av kriminell karakter, eller som låg nær opp til det, og dei vart bedne om å krysse av for kvar aktivitetstype dersom dei hadde gjort det i løpet av dei siste 12 månadene. Når vi så analyserte svara kunne vi konstatere at frekvensen i avkryssingane på 13 av desse 14 aktivitetstypane hadde blitt redusert, til dels sterkt redusert. Det ser altså ut som om ungdomane i Volda og Ørsta har vorte meir lovlydige i løpet av det aktuelle tidsrommet.

Forskingsinstituttet NOVA har med grunnlag i nasjonale tal kome fram til om lag dei same konklusjonane som vi. Norske ungdomar har i løpet av  dei siste åra vorte meir heimekjære og lovlydige og færre brukar rusmidlar og tobakk. NOVA konstaterer som vi at den psykiske helsa til jentene er klart dårlegare enn til gutane, og at ho har vorte forverra. Dette sistnemnde momentet utgjer ei stor utfordring for den kommunale leiinga i Volda og Ørsta. Eitt av fleire tiltak som bør vurderast er styrking av det førebyggande og helsefremmande arbeidet mot dei unge.

Rapporten som denne kronikken er basert på kan lastast ned gratis, her: http://www.hivolda.no/neted/services/file/?hash=1eccd4f9851c8e19ea14787c943ac761

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar