Kronikk i Sunnmørsposten, 13 august.
Materiale frå Eurostat, EU sitt statistikk-kontor,
viser at Noreg har verdas høgaste sjukefråvær. Det utgjer om lag seks prosent
av alle avtalte dagsverk. Samtidig veit vi at det knapt finst noko anna land i
verda der helsetilstanden er like god som her. Kva kan dette mishøvet skuldast?
I ein kronikk i Aftenposten den 25. februar i år gir Kaveh Rashidi og Sophie
Berg eit svar på spørsmålet. Dei meiner at det har utvikla seg ein ‘syk sykmeldingskultur’.
Rashidi og Berg sine analyser i den nemnde artikkelen
vert truleg støtta av dei fleste som har tumla med desse problemstillingane, men
svaret deira er nok likevel berre ei delforklaring. Det finst nemleg ein heil del
antakingar om årsakssamanhengane på dette området, og nokre, men ikkje alle, vert
støtta av seriøs forsking. Nedanfor gir eg ein oversikt over noko av forskinga
på dette temaet.
Det har vorte hevda at det norske arbeidslivet
sysselset ein større andel funksjonshemma enn andre land, og fordi disse oftare
er sjuke enn funksjonsfriske påverkar det sjukefråværs-statistikken. Men dette er
ikkje tilfelle. I Noreg er det ein lågare andel sysselsette funksjonshemma enn
i andre land som det er naturleg å samanlikne med.
Ein har ofte lagt den såkalla ‘utstøtingshypotesen’
til grunn. Denne seier at dårlege arbeidstilhøve og belastningar ‘støyter’
arbeidstakarane ut til sjukefråvær eller arbeidsløyse. Men dersom ein ser nøyare
på arbeidstilhøva der det er høgt fråvær, er det vanskeleg å sjå ein slik samanheng.
Det finst heller ikkje noko belegg for å seie at arbeidstilhøva i norsk
arbeidsliv er verre enn i andre land, og der sjukefråværet er langt lågare enn
hjå oss.
Mårten Palme har gjennom si forsking i Sverige
dokumentert dette: Folk som flyttar frå eit område med høgt sjukefråvær til eit
område med lågt sjukefråvær tilpassar seg dette, og har mindre sjukefråvær. Det
omvendte skjer også: Dersom ein flytter til eit område med høgare sjukefråvær
enn det ein kom frå, vil ein verte ‘sjukare’. Forklaringa på dette er at det
sosiale miljøet og dei normene som er der definerer kva som er sjukdom og kva
som er legitimt sjukefråvær. Det utviklar seg lokale fråværskulturar, seier
Palme.
Det er bekvemt å vere sjuk, spesielt dersom ein berre
er litt sjuk eller ikkje sjuk i det heile tatt. Forskingsprosjekt der ein har
bede sjuke born om å teikne seg sjølve medan dei var sjuke, resulterer ofte i
teikningar som viser at dei får ligge i dobbeltsenga til foreldra, at mor er heime
frå arbeid og gir omsorg og varm mjølk med honning i. Noko av den same effekten
vert sjuke vaksne til del. Sjukdom fritar for tyngande ansvar og utløyser
positiv merksemd og medkjensle.
Kvinner har meir sjukefråvær enn menn. Næringane
‘Undervisning’ og ‘Helse- og sosialtenester’ er dei næringane i Noreg som har
høgast sjukefråvær, høvesvis 7,1 og 9,5 prosent av alle avtalte dagsverk. Dette
er også dei to mest kvinnedominerte næringane, der kvinnene utgjer 66 prosent
av alle tilsette i den førstnemnde næringa og 81 prosent i den sistnemnde. Dersom
ein samanliknar menn og kvinner som har likt arbeid og like arbeidstilhøve,
finn ein at kvinners sjukefråvær er 1,3 til 1,7 gonger høgare enn menns fråvær.
Ei nærliggande forklaring på dette kunne vere at
kvinnene har meir krevjande og omfattande arbeid med barneomsorg, at dette
tvingar fram meir fråvær frå lønsarbeidet, og at dette i sin tur kjem til
uttrykk som sjukefråvær. Men når ein samanliknar par med barn og par utan barn
ser ein at kjønnsgapet i sjukefråvær mellom kvinner og menn nesten er det same.
Ei anna forklaring kunne kanskje vere at arbeidet i
dei typiske kvinneyrka er meir sjukdomsframkallande enn i mannsyrka. Men det motsette
er tilfellet. Arbeid i typiske mannsyrke er klart meir krevjande og farleg enn
i kvinneyrke. I 2017 vart 12441 menn utsett for ei arbeidsulykke mot 9496
kvinner. I 2018 omkom 29 personar i arbeidsulykker. Alle var menn.
Gravide kvinner har eit høgt sjukefråvær, men dette
forklarer berre litt av skilnaden i høve til menn. Dersom ein tar ut gravide
kvinner frå datagrunnlaget, vert skilnaden redusert med om lag ein fjerdedel.
Ovanfor vart det nemnt at det sosiale miljøet og dei
normene som er der definerer kva som er sjukdom og kva som er legitimt
sjukefråvær. Der folk møtest og på arbeidsplassane dannar det seg spesifikke,
lokale og bransjemessige standardar og forståingar av kva slags kjensler og
tilstander som med rette kan definerast som sjukemeldingsgrunn. Kvifor dei mest
liberale haldningane til sjukemelding har utvikla seg innanfor dei næringane
som er sterkast dominert av kvinner er det ingen som til no har gitt gode svar
på.
Noko av forklaringa på det høge sjukefråværet kan
truleg ligge i legane sin reduserte status. Før var det legen som bestemte om
ein var sjuk, og om ein var så sjuk at det tilsa sjukemelding. Legane var
portvakter til helsevesenet og trygdesystemet og vernarar av den gode
arbeidsmoralen. Men slik er det ikkje lenger. Dei siste tiåra har legane sin
autoritet vorte svekka, og det har først og fremst samanheng med at kunnskapsnivået blant
pasientane har blitt betre. Mange pasientar konsulterer ekspertsider på
internett og kan ofte meir om sine lidingar og sjukdomar enn legen sin, og har
diagnosen klar før legen rekk å ta fram stetoskopet. Pasientane har blitt
‘myndiggjorde’. No er det brukarstyring som gjeld. Det er vedteke at det er pasienten
sjølv som best veit om han/ho er sjuk, og logisk nok har språkbruken i samsvar
med dette vorte endra frå at ‘legen har sjukmeldt meg’ til ‘eg har sjukmeldt
meg’. Dette har mellom anna ført til at det av og til er vanskeleg for legar å
stå imot grunnlause krav om sjukemelding.
Av og til vert det argumentert for å revidere sjukelønnsordninga
og gjere henne mindre generøs, slik at ein kan få redusert det høge sjukefråværet.
Men få seriøse politikarar går inn for det, for dei veit at dei politiske kostnadene
med det vil vere større enn den økonomiske gevinsten. Derfor kjem ikkje det til
å bli gjort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar