fredag 25. november 2022

Krise i Tyskland

'Synspunkt'-artikkel i Nyss 25. november

I Tyskland er det urolege tider no, og folk flest, politikarar frå heile det politiske spekteret og massemedia er nervøse. Det skuldast først og fremst den økonomiske utviklinga, med eksploderande energiprisar, inflasjon og problem i næringslivet. I oktober var inflasjonen, målt i høve til oktober 2021, 10,4 %. Matvareprisane steig med 20,3 % i det same tidsrommet. I andre kvartal i år minka den gjennomsnittlege reallønna med 4,4 %.

Økonomar reknar med at landet no er i ferd med å gå inn i ein kraftig resesjon. Dette er eit svært dramatisk vendepunkt for Tyskland, for landet var i 20 år den økonomiske motoren i EU. Globaliseringa av verdsøkonomien har i større grad kome Tyskland til gode enn dei fleste andre land fordi landets økonomi har vore så sterkt eksportorientert. Men no er globaliseringa på tilbakegang på grunn av den generelle uroa i verda og krigen i Ukraina. Etter to gylne tiår med sterk økonomisk vekst og låg arbeidsløyse ventar no magre år for Tyskland.

Men den økonomiske framgangen dei siste 20 åra har ikkje vore like gode for alle. Avstanden mellom fattig og rik har vorte større, både når det gjeld inntekt og formue. I 2019 hadde dei 10 prosentane av befolkninga som låg øvst på inntektsskalaen 40 % meir enn dei hadde i 1995. Dei 10 prosentane som ligg nedst fekk i det same tidsrommet 5 % meir.

I dei gode åra var det mogleg å ignorere dette, for det var berre dei nedre sjikta i det økonomiske hierarkiet som vart ramma, men no har innbyggarane i det økonomiske midsjiktet også begynt å få problem. Nesten tre fjerdedelar av befolkninga frykter for at situasjonen deira vil bli verre i åra framover.

Den tyske regjeringa har prøvd å dempe den økonomiske tilbakegangen med ein del støtteordningar, mellom anna auka barnetrygd, redusert moms på drivstoff og billigbilettar på offentleg kommunikasjon. Men dette er snakk om kortsiktig og lite effektiv hjelp, for den økonomiske krisa overgår med god margin styresmaktene sin betalingsvilje og -evne. Mange økonomar har dessutan kritisert hjelpetiltaka. Dei er veldig dyre og lite treffsikre. Pengar har blitt strødde over alle, også dei som godt kunne ha klart seg utan.

Mange politikarar er no redde for at dette kan føre til farlege politiske situasjonar. I nokre av dei store byane i landet har det vore store demonstrasjonar, leia av ytterkreftene på begge sider i det politiske spekteret. Mange fryktar ein valdeleg vinter, for av erfaring veit ein at menneske som føler seg sette utanfor gjerne vil søke mot dei politiske randsonene og ty til vald. Styresmaktene er merksam på situasjonen, og har budd seg på det verste.

Tyskland vart tidleg ein stor og viktig industrinasjon fordi landet hadde tilgang på billig og rikeleg energi, nemleg steinkol. Kolutvinninga har dei siste 50 åra gradvis vorte redusert og erstatta med russisk gass, fordi det har vorte billegare. Men no, på grunn av ukrainakrigen, har denne importen i realiteten stoppa opp, utan at ein har klart å erstatte denne med import frå andre land, og i den grad ein klarer det gjeld heilt andre prisar enn ein har vore van med.

Det har vore ei stor utbygging av vindkraft i Tyskland, som på gode vinddagar kan dekke bortimot halvparten av landets behov. Men når vinden ikkje bles treng ein andre energikjelder, og gass er det mest nærliggande alternativet. Men no har det altså vorte vanskelegare og dyrare å få nok. Ein kunne sjølvsagt ha halde fram med driften i dei eksisterande atomkraftverka, starte opp igjen dei som har vorte stengde eller bygge nye. Men tyskarane har ein fanatisk motvilje mot atomkraft, så det alternativet er lite aktuelt.

Dei noverande økonomiske problema i Tyskland, og den komande økonomiske krisa har primært si årsak i energipolitikken. Ein har gjort seg avhengig av billeg russisk gass, som ein no ikkje lenger har tilgang til. Derfor trappar ein opp produksjonen av kolkraft. I første halvår av 2022 auka produksjonen av kolkraft med 17 prosent, samanlikna med første halvår i 2021. Og kva med klimakrisa og det grøne skiftet?  

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar